Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Politibetjent ved Måløy politistasjon og Vik politistasjon

Vest politidistrikt

Arbeidssted
KINN, MÅLØY, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
13. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
5

Stillingsdetaljer

Dette kan vi tilby degKompetansebygging med gode kollegaer Dei to politistasjonane; Måløy politistasjon i Nordfjord og Vik politistasjon i Sogn treng fleire dyktige kollegaer. Vi søker etter nye faste tilsette som ynskjer å jobbe i kombinert polititjeneste som operativ, førebyggar og etterforskar. I kombiteneste får du gjennomføre læringsløpet på både 48t årleg trening operativt og 48t etterforsking. Du kvalifiserer også raskare til opprykk, med meir ansvar og lønn. Samtidig set vi høge krav til deg. Dine kollegaer og leiarar forventa at du levera på alle fagområde, og bidrar med godt kollegaskap til felleskapet. Har du ein venn eller nokon du kjenner som også kan vere interessert i denne jobben? Vi har fleire ledige stillingar på begge stasjonar, her kan du bu og jobbe fleire ilag! Karriereveg GDE Sogn og Fjordane består av Nordfjord, Sunnfjord og Sogn politistasjonsdistrikt, samt ein desentralisert etterretnings- og etterforskingsseksjon. Vi samarbeider tett på alle nivå internt i heile GDE-en med ressursflyt og samvirke, og ein må pårekne å utøve politijobben i heile regionen. For deg som finn deg til rette og vil satse i Sogn og Fjordane har vi karrierevegar med fagutvikling i etterforsking, førebygging og operativt politiarbeid; t.d. innsatsleiing, UEH, etterforskingsleiing, politikontakt, spesialetterforsking, tilrettelagd avhøyr, trafikk og UP, digitalt politiarbeid, personalleiing, mm.  Økonomiske vilkår Som resten av politi Noreg jobbar vi hardt med å få tak i dei rette søkjarane. I utlysinga av desse stillingane har vi som rekrutteringstiltak å dekke dine bu-utgifter i inntil 12 månadar som eit særskilt rekrutteringstiltak. I tillegg ligg desse to politistasjonane i kommunar med sentralitetsklasse 5 og 6, der ein kan få gjeldssletting av studielån i samsvar med lånekassen sine reglar. Vi tilbyr også moglegheit til påverke eigen turnus i samråd med leiar, slik at ein så langt det høver seg kan få tilpasse langfri mellom vaktperiodar.  ArbeidsoppgåverKombinert teneste (førebygging, etterforsking og patrulje) Vakt og beredskap i turnusteneste Andre oppgåver pålagd av overordna KvalifikasjonarDette må du ha for å vere kvalifisert: Vitnemål frå Politiskulen/Politihøgskulen. IP-godkjent, eller kvalifisert og villig til å bli det Førarkort klasse B og utrykkingssjåfør, eller kvalifisert og villig til å bli det God munnleg og skriftleg framføring Dokumentert relevant erfaring frå politi- og lensmannsetaten blir vektlagt Du må ha plettfri vandel og vere skikka for teneste for å kunne bli tilsett i politiet. Uttømmande og utvida politiattest skal hentast inn og leggjast fram før ei eventuell tilsetjing. Ved å søkja på stilling i politiet, så samtykkjer du til at det vil bli gjort ei skikkavurdering, herunder søk i registre, i forkant av eventuelt intervju. Personlege eigenskaparDu er ansvarsfull, fleksibel og løysingsorientert, og tar ansvar for samarbeid og trivsel Engasjert i samfunnsoppdraget Kunnskap og motivasjon for å bli og utvikla deg i GDE Sogn og Fjordane blir vektlagt Som medarbeidar har du høg etisk medvit, du blir kjenneteikna av å vere modig og heilskapsorientert, du viser respekt og er tett på. Du kan lesa meir om dei etiske retningslinjena våre og medarbeidarplattforma her. Dette kan vi tilby om du vel ossEin utfordrande og spennande arbeidsplass for deg som vil vera med på å forma framtidas politi Stillingane blir lønna som politibetjent 3/2/1 - SKO 1461/1459/1457: Politibetjent 3 - brutto årslønn frå kr. 630 000 i tillegg kjem kombitillegg for pb3, for tida kr.  15. 405,- pr. år  Politibetjent 2 - brutto årslønn frå kr. 540 000 Politibetjent 1 - brutto årslønn frå kr. 510 000  Hos oss vil du få gode arbeidsvilkår der du får moglegheit til å påverka eigen arbeidskvardag og utvikla deg (turnus, trening i arbeidstida, o.l). Du vil og få medlemskap i Statens pensjonskasse, med mellom anna gode pensjons- og forsikringsordningar. Les meir på www.spk.no Oppnormering/omgjering til Pb2 og Pb3 i samsvar med gjeldande kompetansekriteriar for Pb2 og Pb3. Vidare lønnsutvikling vil skje i samsvar med hovudtariffavtalane i staten. Mangfald i politietDersom du har funksjonsnedsetting, innvandrarbakgrunn eller hol i CV-en, er det høve til å krysse av for dette i søknaden. Er du kvalifisert for stillinga, vil du bli vurdert for positiv særbehandling. Det inneber at minst éin søkjar frå kvar av desse gruppene blir innkalla til intervju. Les meir om positiv særbehandling når ein søkjer jobb i staten her. Video: https://www.youtube.com/watch?v=uUTjHmSB_WcSlik søkjer duDu søkjer ved å fylle ut CV i Jobbnorge sitt CV-skjema og skrive eit kort søknadsbrev. I tillegg må du leggje ved relevante vitnemål og attestar. Relevante kandidatar vil bli kalla inn til intervju. Opplysningar om deg kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teken til følgje, vil du bli varsla om dette.
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.