Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Avdelingsleiar for fysio- og ergoterapi

Tenesteområde Ergoterapi, fysioterapi og lege, Haram kommune

Arbeidssted
HARAM, BRATTVÅG, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
25. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Avdelingsleiar fysioterapi og ergoterapi – 100 % fast stilling Er du ein tydeleg, engasjert og utviklingsorientert leiar som ønskjer å bidra til gode helse- og meistringstenester for innbyggjarane i Haram kommune? Då kan dette vere stillinga for deg! Vi søkjer ein fagleg sterk og utviklingsorientert avdelingsleiar for fysioterapi og ergoterapi. Stillinga er 100 % fast, med 50 % administrativt leiararbeid og 50 % utøvande, pasientretta arbeid. Du får dermed høve til å kombinere leiing og fagutvikling med direkte arbeid med innbyggjarane. Som avdelingsleiar får du ei sentral rolle i å leie, koordinere og vidareutvikle tenestene. Du får personal-, økonomi- og fagansvar og blir ein del av leiargruppa for helsetenester, saman med tenesteleiar, avdelingsleiar for legetenesta og avdelingsleiar for psykisk helse og rus. Vi ser etter deg som har stor arbeidskapasitet, trivst med eit høgt tempo og likar ein variert og innhaldsrik arbeidskvardag. Du må kunne handtere fleire oppgåver samtidig, vere løysingsorientert og evne å prioritere når arbeidsdagen krev det. Om tenesta:Fysio- og ergoterapitenesta er ei tverrfagleg teneste med 4,5 årsverk fysioterapeut, 2 årsverk ergoterapeut, 0,8 årsverk innan velferdsteknologi og 1 årsverk hjelpemiddelteknikar, i tillegg til avdelingsleiar. Vi er per i dag samlokaliserte i Kompetanseparken i Brattvåg. Tenesta arbeider med helsefremjande, førebyggjande, habiliterande og rehabiliterande tiltak og har eit tett samarbeid med andre faggrupper og kommunale tenester. Vi ønskjer å utvikle tenestene vidare med fokus på fagleg kvalitet, god ressursutnytting, tverrfagleg samarbeid og gode løysingar for innbyggjarane. Som avdelingsleiar vil du få ei viktig rolle i dette utviklingsarbeidet, samtidig som du sjølv er ein aktiv del av det faglege arbeidet gjennom den utøvande delen av stillinga. Stillinga er organisert under kommunalområde Livsløp, som samlar fleire tenester som er viktige bidragsytarar til å støtte opp om livsløpet til innbyggjarane i Haram kommune. Livsløp omfattar mellom anna: Psykisk helse og rus, helsestasjon og jordmor, pedagogisk fagsenter, ressursbase, integrering, barnevern, NAV, fysioterapi og ergoterapi og legetenester I Haram kommune er vi opptekne av å utvikle gode, heilskaplege og framtidsretta tenester. Vi skal spele kvarandre gode, dele kompetanse og samarbeide på tvers av fagområde og tenester. Slik ønskjer vi å skape robuste tenester som møter behova til innbyggjarane våre. ArbeidsoppgåverDagleg fag-, personal- og økonomiansvar for fysioterapi- og ergoterapitenesta Planleggje bemanning, arbeidsplanar og fordeling av oppgåver i samsvar med god utnytting av kompetanse og kapasitet Følgje opp medarbeidarar, sjukefråvær, HMS og arbeidsmiljø Følgje opp fagleg utviklingsarbeid Leie og delta i tverrfagleg samarbeid Bidra til utvikling av framtidsretta og effektive tenester Utføre fysioterapifagleg arbeid med kartlegging, behandling, rehabilitering og oppfølging av brukarar Følgje opp fysioterapeutar med driftsavtale i samarbeid med tenesteleiar KvalifikasjonarAutorisasjon som fysioterapeut Krav om leiarutdanning og/eller dokumentert relevant leiarerfaring. Dersom kandidaten ikkje har leiarutdanning, må det påreknast å gjennomføre relevant leiarutdanning innan to år etter tilsetjing Leiar- og fysioterapeuterfaring frå kommunehelseteneste er ein fordel Kjennskap til relevant lovverk Gode ferdigheiter i bruk av digitale verktøy Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Personlege eigenskaparTydeleg og trygg i leiarrolla – du tek ansvar, set retning og følgjer opp medarbeidarar og oppgåver på ein tydeleg og tillitsskapande måte. Strukturert og utviklingsorientert – du arbeider systematisk, har oversikt og ser moglegheiter for å utvikle tenestene og arbeidsmåtar. Har høg arbeidskapasitet og er fleksibel – du trivst med ein variert og til tider hektisk arbeidskvardag, handterer fleire oppgåver samtidig og evnar å prioritere når situasjonen krev det. Du er fleksibel og kan raskt omstille deg når behov og oppgåver endrar seg. Har gode kommunikasjons- og samarbeidsevner – du kommuniserer tydeleg og respektfullt og byggjer gode relasjonar både med medarbeidarar, leiarar og samarbeidspartnarar. Evner å motivere og skape engasjement – du ser medarbeidarane, byggjer eit godt arbeidsmiljø og legg til rette for medverknad, fagleg utvikling og felles mål. Er løysingsorientert og initiativrik – du tek initiativ, ser moglegheiter og finn praktiske løysingar når utfordringar oppstår. Vi tilbyrEi spanande og variert leiarstilling Ei aktiv og støttande leiargruppe med gode høve for samarbeid, erfaringsdeling og fagleg utvikling Eit tverrfagleg arbeidsmiljø med høg kompetanse Moglegheit til å påverke og vidareutvikle førebyggjande og rehabiliterande tenester Gode pensjons- og forsikringsordningar Løn etter avtale KontaktinformasjonElly Christine Volsdal Slettvoll, Tenesteleiar, 90158565, Elly.christine.Volsdal.Slettvoll@haram.kommune.no Frode Bøe Hatlelid, Kommunalsjef, 92243788, Frode.Boe.Hatlelid@haram.kommune.no ArbeidsstadSkjelt-ole Bakken 9 6270 Brattvåg Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Haram kommune Referansenr.: 4996322278 Stillingsprosent: 100% Fast Startdato: 04.01.2027 Søknadsfrist: 25.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.