Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Sjukepleiar sjukeheim og heimetenesta

Sogndal kommune Balestrand helsetun og heimeteneste

Arbeidssted
SOGNDAL, BALESTRAND, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
1. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Er du interessert i ein arbeidsplass med varierte arbeidsoppgåver, teamarbeid og spennande utfordringar? No har du sjansen! Me har ledig sjukepleiestilling på Balestrand helsetun med vakter knytt til legevaktssatellitten, ein sjukepleiar i 100% fast stilling i turnus, ledig frå d.d.  For stillinga gjeld turnus med arbeid kvar 3. helg, med moglegheit for langvakter og eventuelt då 4. kvar helg. Balestrand var først i landet med å innføre ei ny satellitt-legevaktsordning. Her kan du som sjukepleiar bidra med legevaktsoppgåver og bli ein del av eit team som handlar raskt når kvart minutt tel. Vi har fokus på at sjukepleiarane får auka fagkompetanse og tett oppfølging gjennom øvingar og kurs.  Balestrand helsetun ligg vakkert til i sentrum av Balestrand omgitt av fjord og fjell. Helsetunet og heimetenesta held til i same bygg med legevaktsatellitten, fysio/ergo-tenesta, omsorgsbustadar og bu og miljøtenesta. Noko som gir moglegheit for eit tett og nært samarbeid med dei ulike einingane i kommunen.  Arbeidsoppgåver: Ivareta sjukepleiefaglege oppgåver til bebuarar i institusjon Oppgåver i tilknyting til legevaktssatellitten Heilskapleg pleie og omsorg Rettleiar for studentar/lærlingar og andre Delta i tverrfagleg samarbeid Oppfølging av dokumentasjon i journalsystemet Medansvarlig for eit godt læringsmiljø Bidra til aktivitet og omsorg som fremmer livskvalitet Sentrale ansvarsområde: Pasientflyt Pasientjournalsystem - LMP Samarbeid med spesialist og primærhelsetenesta Medikamenthandtering Legevisittar Tverrfagleg samarbeid Kvalifikasjonar: Bachelor i sjukepleie med norsk autorisasjon Beherske norsk, skriftleg og munnleg. Krav om å levere inn dokumentasjon på norskkunnskapane. Ønskjeleg med relevant vidareutdanning eller erfaring innan demens, geriatri, akuttsjukepleie eller rehabilitering/velferdsteknologi Førarkort Personlege eigenskapar: Løysingsfokusert Fagleg engasjert og trygg på eigen kompetanse Gode samarbeids- og kommunikasjonsevne Fleksibel, ansvarsfull og serviceinnstilt Ha evne og interesse for eldreomsorg Personlege eigenskapar vil verte vektlagde Me tilbyr: Ein spanande jobb i eit godt arbeidsmiljø. Gode pensjons- og forsikringsordningar Gode velferdsordningar Godt fagleg miljø Lønn etter tariff, med fastsatt lønnstillegg for legevaktssatellitten. Tilrettelagt årsturnus Moglegheit for langvakter med lengre helgeintervall. Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegle folkesetnaden elles. Me oppmodar alle som er kvalifiserte, til å søkje jobb hjå oss, uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggje til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. Ifølgje offentleglova § 25 andre ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjorde, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom du har bede om unntak frå offentleg søkjarliste, vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjord. Kun søknadar mottekne innan frist og levert via EasyCruit vert tekne i betraktning. Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.