Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Har du lyst til å jobbe med driftsoppgåver på sjukehus?

Bemanningssenteret, Helse Bergen HF

Arbeidssted
BERGEN, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
23. sep. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Bemanningssenteret treng fleire tilsette til vårt Ressursteam og har ledig 100% fast stilling. Som medarbeidar i Ressursteamet vil du dekke viktige arbeidsområde i driftsavdelingane på sjukehuset. Medarbeidarar som blir tilsett får opplæring i arbeid ved Hospitaldrift Reinhald, café, Matforsyning og Vaskeri. Dei som blir tilsett vil få god opplæring og skal jobbe innan alle desse fagområda, ut frå dei behova som blir meldt til Bemanningssenteret. Dette er ein stilling med mykje variasjon i arbeidet og kor ein får god innsikt i drifta i sjukehuset. På oppdrag frå Hospitaldrift planlegg Bemanningssenteret kor vikarane til ei kvar tid skal arbeide. Medarbeidarane har fast turnus med arbeidstid 07.00-15.00, og pt arbeid kvar 4. helg. Vikarane våre er viktige arbeidstakarar i Hospitaldrift og vi søker deg som sett store krav til deg sjølv når det gjeld kvalitet i arbeidet. Stor variasjon i arbeidet og fleire arbeidsstader krev svært gode norskkunnskapar og gode kommunikasjonsevner. Arbeidet kan vere fysisk krevande og krev god helse. Det er ein fordel med erfaring frå fleire av fagområda i Hospitaldrift. ArbeidsoppgåverHOSPITALDRIFT REINHALD Dagleg reinhald av pasientområde, kontorlokale og fellesareal Vask og reiing av senger Smittevask/spesialreinhald HOSPITALDRIFT VASKERI Mottak og sortering av skittentøy Handtering av tøy ved hjelp av ulike maskinar Sortering og pakking av reint tøy HOSPITALDRIFT MATFORSYNING (Kjøkken - Kantine - Keitering - Konferanse) Varemottak og pakking av mat Assistere i matproduksjon Servering av mat/betening av kasse Rydding og oppvask KvalifikasjonarErfaring frå eit eller fleire av fagområda Gode kunnskapar i norsk Forståing av logistikk- og transportsystem God kunnskap om hygiene Personlege eigenskaparSjølvstendig og fleksibel Likar og meistrar varierte arbeidsoppgåver Jobbe strukturert og effektivt i eit til tider hektisk miljø Punktleg og nøyaktig Serviceinnstilt Helse til fysisk krevande arbeid Bidra til eit godt arbeidsmiljø Vi tilbyrUtfordrande arbeidsoppgåver i gode fagmiljø med hyggelege kollegaer God opplæring Lønn etter tariff Gode pensjons- og forsikringsordningar Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse. KontaktinformasjonCathrine Fauske Haferkamp, Seksjonsleiar, 99426755 ArbeidsstadHaukelandsveien 22 5021 Bergen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF Referansenr.: 5178072528 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 23.09.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.