Fagarbeidar i barnehage
Oppvekst
- Arbeidssted
- KVAM, NORHEIMSUND, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 17. nov. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Er du ein trygg og engasjert person som vil jobba i barnehage?
Norheimsund barnehage har ledig 80% fagarbeidar stilling frå snarleg.
Me søkjer etter deg som likar å laga gode kvardagar saman med små barn, er god på relasjonar og som er glad i å gje barn gylne augneblink.
Vil du vite meir om dei kommunale barnehagane, les her: https://www.kvam.no/tenester/barn-ungdom-og-familie/barnehage/barnehagar-i-kvam/
ArbeidsoppgåverMedansvar for å skapa ein god barnehagekvardag for både det enkelte barn og grupper, i samarbeid med pedagogisk leiar/barnehagelærar
Levera god kvalitet i relasjonar med barn og foreldre
Vera ein trygg vaksen
Tilretteleggja for leik og læring
Delta i å skapa kvalitet i rutinesituasjonar
Delta i å utvikla barnehagen
Bidra til godt arbeidsmiljø og samarbeid med andre
Bidra til å ivareta helse, miljø og tryggleik i barnehagen
KvalifikasjonarBarne- og ungdomsarbeidar, men er òg interessert i deg som har anna relevant utdanning, yrkeserfaring og ynskjer å arbeida i barnehage
Erfaring frå arbeid i barnehage er ein fordel
Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
Bestått nivå A2 i skriftleg framstilling og B1 i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon
Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Barnehagelova. Attesten skal ikkje leggjast ved søknaden. Tilsetjing føreset at gyldig attest vert lagd fram før tiltreding. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.
Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter.
Personlege eigenskaparPåliteleg, omsorgsfull og engasjert
Du har godt humør og positiv innstilling
Du er leiken og evnar å inspirera og engasjera barn
Møter barn, kollega og føresette med respekt
Er fleksibel og løysingsorientert
Eit positivt barnesyn: "Barn gjer så godt dei kan"
Me tilbyrSpennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Tilsetjing på vanlege vilkår for kommunale arbeidstakarar
Generell informasjon:
Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssak
I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta
Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.
KontaktinformasjonKarin Træbakken, Styrar Norheimsund barnehage, 46865845
Ingunn Mo, Leiar for barnehage, +47 997 38 755
ArbeidsstadKyrkjevegen 30
5600 Norheimsund
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kvam herad
Referansenr.: 5201228071
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Startdato: 16.11.2026
Sluttdato: 06.06.2027
Søknadsfrist: 17.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.