Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Sjukepleiar/Vernepleiar 100 % fast stilling - Dagtid

Helsehuset, Sykkylven kommune

Arbeidssted
SYKKYLVEN, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
22. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Har du høgskule eller universitetsutdanning innan helsefagleg arbeid? Brenn du for å arbeide innan fagfeltet psykisk helse og rus? Då kan dette vere stillinga for nettopp deg! Vi har no ledig 100 % fast stilling som sjukepleiar/vernepleiar ved Psykisk helse og rus! Stillinga er ledig frå 15.10.2026 og inneber arbeid på dagtid (p.t) mandag-fredag. Avdeling for psykisk helse og rus er ein del av Helsehus-eininga i Sykkylven. Eininga består av legeteneste, heimebasert omsorg og førebygging og meistrings avdeling. Psykisk helse- og rus er ei tverrfagleg samansett teneste med psykolog, vernepleiar, sjukepleiar og sosionomar som gir tenester til personar med utfordringar/lidingar innan psykisk helse og/eller rusmiddelbruk. Som ein del av tenesta skal du bistå til å gi eit godt tilbod til innbyggjarane i Sykkylven kommune i form av miljøterapeutisk oppfylging, behandling og førebygging. Dette i tråd med nasjonale føringar.  Oppmodar menn til å søke. ArbeidsoppgåverKartlegging og støttesamtalar Målretta miljøarbeid Tilrettelegging/bistand til daglege gjeremål ved behov Tverrfagleg samarbeid internt i kommunen og eksternt Legemiddelhandtering Journalføring i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk Sørge for at tenesta følg lovverk, kommunale føringar og fagleg god praksis Halde seg oppdatert innan eige fagområde og delta i utviklingsarbeid Bidra til eit godt samarbeid med pasientar og pårørande Oppgåver delegert frå næraste leiar KvalifikasjonarAutorisasjon som sjukepleiar/vernepleiar Ønskje om vidareutdanning innan psykisk helse og rusarbeid, eller vilje til å ta slik vidareutdanning Erfaring frå arbeid innan psykisk helse og rus er ynskjeleg Førerkort klasse B Det stillast krav om norske språkferdigheiter tilsvarande B2 munnleg og skriftleg på Europarådets nivåskala (CEFR) Ved tilsetting krevst det tilfredsstillande politiattest Personlege eigenskaparGod munnleg og skriftleg framstillingsevne Vere strukturert og løysingsorientert Er fleksibel og har evne til å arbeide sjølvstendig og i team  Du evnar å halde deg fagleg oppdatert og vise fagleg engasjement Har godt humør og bidreg til eit positivt arbeidsmiljø Personleg egnaheit blir lagt vekt på ved tilsetting Vi tilbyrUtfordrande og varierte arbeidsoppgåver  Gode kollegaer og triveleg arbeidsmiljø   Kollegastøtte Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP Gratis parkering   Offentlegheit Vi gjer merksam på at det er offentleg søkjarliste. Unntak frå offentlegheit må grunngjevast jf. offentleglova § 25 andre ledd. KontaktinformasjonAudhild Myklebust, Avdelingsleiar psykisk helse og rus, 91898758, audhild.myklebust@sykkylven.kommune.no Kanutte Roald, Einingsleiar Helsehus, 98876765, kanutte.roald@sykkylven.kommune.no ArbeidsstadAuregata 19 6230 Sykkylven Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Sykkylven kommune Referansenr.: 5192013971 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 22.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.