Overlege i Karkirurgi
Kirurgisk klinikk, Helse Bergen HF
- Arbeidssted
- BERGEN, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 22. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 3
Stillingsdetaljer
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, Kirurgisk klinikk, Avdeling for karkirurgi, har ledig fast stilling som Overlege i karkirurgi.
Dette er ein unik moglegheit til å arbeide ved ei av dei mest avanserte og aktive karkirurgiske avdelingane i Noreg. Karkirurgisk avdeling diagnostiserer og behandlar eit breitt spekter av karkirurgiske tilstandar, inkludert open og endovaskulær kirurgi for aneurismer, carotiskirurgi, perifer karkirurgi og aksesskirurgi. Vi har eit tett samarbeid med intervensjonsradiologisk avdeling, thoraxkirurgi, kardiologi og traumesenteret, og deltar i mottak av multitraumatiserte pasientar. Avdelinga er tertiærsenter for heile Vestlandet.
Vakttenesta inngår deltaking i mottak av multitraumatiserte pasientar i samarbeid med Traumesenteret i Bergen.
Stillinga inngår i den vaktordninga som til ein kvar tid gjeld ved Karkirurgisk avdeling.
Dei tre overlegestillingane vil alle vere på lik linje ift arbeidsoppgåver som avdelingas øvrige overlegar, imidlertid vil stillinga ha eit knytt til ansvarsområde.
Dei tre ulike ansvarsområda vil vere;
1. Fagansvar for diabetiske fotsår
2. Fagansvar for forskingsaktivitet
3. Fagansvar for utvikling innanfor endovaskulær kirurgi
Kandidater som søker, bes spesifisere hvilken av oppgavene de søker på, evt en rangering. Det er selvsagt mulig å søke på alle i en prioritert rekkefølge. Kandidater bes skrive et eget avsnitt i søknad om hvilke tanker de har om sin rolle innen ønsket fagansvar som søkes på.
ArbeidsoppgåverDelta aktivt i utgreiing, diagnostisering og behandling av pasientar med karkirurgiske tilstandar
Utføre og assistere ved elektive og akutte kirurgiske inngrep
Delta i poliklinisk og dagkirurgisk verksemd
Bidra i tverrfaglege team og samarbeid med andre spesialitetar
Motta rettleiing og bidra til undervisning av medisinstudentar
Vere ein aktiv bidragsytar til eit positivt arbeidsmiljø
KvalifikasjonarSøkarar må ha særs gode kunnskapar i norsk, både munnleg og skriftleg
Personleg eignaheit blir vurdert som viktig
Søkar må for overlegestilling vere spesialist i Karkirurgi, eller vere i sluttfasen på sin spesialisering. Det er eit krav om at overlegar i vakt sjølvstendig kan handtere dei vanlegaste karkirurgiske akutt-problemstillingar inklusive open operasjon av rumpert aortaaneurisme
Erfaring frå større Karkirurgisk avdeling og dei problemstillingar som handterast der
Personlege eigenskaparEngasjert og motivert for fagleg utvikling
Sjølvstendig og trygg i akutte situasjonar
Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
Strukturert, nøyaktig og ansvarsbevisst
Bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar i vurderinga av kandidatar
Vi tilbyrMoglegheit til å delta i forskingsprosjekt og fagutvikling
Eit sterkt og inkluderande fagmiljø
Lønn etter gjeldande avtaleverk
Moglegheit til å påverke eigen utvikling og bidra til avdelingas retning
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonEspen Tyse Gubberud, Avdelingssjef, 97624606
ArbeidsstadHaukelandsveien 22
5021 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5205509110
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 22.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.