Sekretær/Helsesekretær
AVDELING FOR RADIOLOGI SNR, Helse Møre og Romsdal HF
- Arbeidssted
- MOLDE, HJELSET, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 19. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Har du eit ønskje og ein ambisjon om å bli helsesekretær/sekretær for eit sterkt fagmiljø og flotte tilsette i Helse Møre og Romsdal?
Vi søkjer no etter ein helsesekretær/sekretær i 100 % fast stilling ved avdeling for radiologi SNR Hjelset.
Radiologi SNR er ei avdeling med høg aktivitet innan undersøkingar som MR, CT, ultralyd, intervensjon, mammografi, DEXA og røntgen. Vi gjennomfører om lag 100 000 undersøkingar årleg, og avdelinga har om lag 100 tilsette fordelt på minst 2 lokasjonar.
Vi søkjer deg som trivst med ulike merkantile oppgåver, både i samarbeid med kollegaer og i møte med pasientar. Du må vere lærevilleg og handtere arbeidsdagar med høgt tempo. Vi ynskjer oss nokon som kan medvirke positivt i avdelinga, både fagleg og sosialt.
Høyrest dette lovande ut? Send oss ein søknad, vi vil gjerne høyre frå deg! Oppstart etter nærmere avtale.
ArbeidsoppgåverBetjening av telefon
Registrering av pasientar ved ankomst
Administrering av ventelister
Oppsett av timeavtalar
Andre førefallande kontorarbeidsoppgåver
KvalifikasjonarAutorisasjon som helsesekretær er ein fordel, ellers relevant erfaring som sekretær
Relevant praksis
God IT- kompetanse
Gode ferdigheiter i norsk, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskaparAnsvarsbevisst, nøyaktig og strukturert
Serviceorientert
Kunne arbeide både sjølvstendig og i team
Engasjert og initiativrik til å stå på i eit spennande og hektisk miljø
Evne til omstilling og interesse for kompetanseheving
Gode samarbeidsevner
Personleg eignaheit vil bli vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
KontaktinformasjonKarin Krogsæter Sørli, Seksjonsleder, 711 16079, Karin.Krogseter.Sorli@helse-mr.no
ArbeidsstadOpdølvegen 4
6450 Hjelset
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5205362112
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.