Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Helgestilling i Heimetenesta

Sveio kommune

Arbeidssted
SVEIO, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
18. nov. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Om stillingaVi søkjer ein ny kollega til Heimetenesta i Sveio kommune, fast helgestilling på 19,72 prosent. Du arbeider kvar fjerde helg, med langvakter på 14 timar laurdag og søndag. Heimetenesta har base på sjukeheimen i Sveio og server innbyggjarane frå Tittelsnes i nord til Vikse i sør. Basen ligg om lag 17 minutt frå Haugesund og 25 minutt frå Stord. Eininga er kjent for eit godt arbeidsmiljø, velfungerande samarbeid, fagleg fokus og mykje godt humør. Me er ei samla arbeidsgruppe som brenn for å yte fagleg gode tenester til brukarane våre gjennom personsentrert omsorg.  Du skal få ei god opplæring, og me tek godt imot nytilsette. Helgestillinga passar utmerket for deg som ønskjer ein fast og føreseieleg arbeidsrytme ved sida av studiar eller anna arbeid. Me er opptatt av at du trivst og kjenner deg trygg i avdelinga.  Skynd deg å søke om du har lyst til å være DEN heldige som får bli en del av det gode arbeidsmiljøet vårt!  Arbeidsoppgåverjobbar aktivt for at brukarane skal meistre å bu heime så lenge som mogleg grunnleggjande pleie og omsorg, observasjon og tiltak som fremjar meistring og livskvalitet dokumentasjon og rapportering variert og fagleg spennande arbeid der brukarane har eit alderspenn frå 0 til 100+ år tverrfagleg samarbeid med andre einingar i kommunen, som tenestekontor, psykisk helse, hjelpemiddellager, fysio-/ergoterapi, legekontor, sjukeheim etc tett samarbeid med sjukepleiar bygge gode og hensiktsmessige relasjonar til brukarar og pårørande, slik at dei opplever tryggleik, kontinuitet og tillit til tenesta delta i rettleiing og støtte av elevar, lærlingar og nytilsette aktiv deltaking i å skape eit godt arbeidsmiljø andre førefallande oppgåver Kvalifikasjonarsøkjarar med helsefagleg utdanning vil bli prioritert sertifikat klasse B må levere tilfredsstillande politiattest etter gjeldande lovverk Personlege eigenskaparer positiv, fleksibel og løysingsorientert, initiativrik og emosjonelt robust har gode haldningar og verdiar som set brukarane i fokus har gode samarbeidsevner og kan arbeide sjølvstendig er påliteleg og tek ansvar for vakter og oppgåver er opptatt av fag, kvalitet og service er raus og ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø og ein god læreplass for elevar og studentar (framtidige kollegaer) Vi tilbyrfast helgestilling på 19,72% arbeid kvar fjerde helg, med 14 timers langvakter årsturnus over 52 veker med planlagd ferie, høgtid og helgearbeid me finn løysingar som fungerer både for deg og for avdelinga fagleg og personleg utvikling dyktige og inkluderande kollegaer i eit godt arbeidsmiljø sosiale arrangement god offentleg pensjonsordning tilsetjing på vanlege kommunale vilkår kommunale bilar lønsvilkår: Etter gjeldande lov- og avtaleverk
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.