Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Me søkjer barnehagelærarar, fagarbeidarar og assistentar til barnehagane

Årdal kommune Barnehage

Arbeidssted
ÅRDAL, ÅRDALSTANGEN, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
5. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
4

Stillingsdetaljer

I barnehagane våre er kvar dag fylt med leik, læring, nysgjerrigheit og omsorg. Me arbeider kvar dag for at barna skal oppleve meistring, tryggleik og glede. No treng me fleire dyktige og engasjerte medarbeidarar som vil vere med og gjere ein forskjell i barna sine liv. Årdal kommune har fleire ledige stillingar som barnehagelærar, fagarbeidar og assistent i dei ulike barnehagane våre. Me ser etter deg som er ein trygg, engasjert og varm vaksen, og som ynskjer å bidra til ein god og inkluderande barnehagekvardag.   Korleis vil arbeidsdagen din sjå ut hjå oss? Som medarbeidar i ein av barnehagane våre blir du ein viktig del av kvardagen til barna. Arbeidsdagen er variert og aktiv, og du vil mellom anna: bidra aktivt til trivsel, leik, omsorg, læring og utvikling delta i aktivitetar og kvardagsrutinar saman med barna, både ute og inne vere ein trygg og tydeleg vaksen som ser kvart enkelt barn og deira behov samarbeide tett med kollegaer for å skape ein trygg, inkluderande og lærerik barnehage bidra til godt samarbeid med føresette, med fokus på det beste for kvart enkelt barn bidra til ein stabil og føreseieleg kvardag der barna kjenner seg sett og ivaretekne   Som barnehagelærar vil du i tillegg ha medansvar for det pedagogiske arbeidet, og for planlegging og gjennomføring av aktivitetar og pedagogiske opplegg. Me legg vekt på fagleg refleksjon, godt samarbeid og kontinuerleg utvikling i barnehagane våre.   Kan dette vere jobben for deg? Me søkjer medarbeidarar med ulik utdanning og bakgrunn: For stilling som barnehagelærar er det krav om barnehagelærarutdanning. Søkjarar med anna relevant høgskuleutdanning kan også vere aktuelle. For stilling som fagarbeidar er det ynskjeleg med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Søkjarar med anna relevant fagutdanning kan også vere aktuelle. For stilling som assistent er det ikkje krav om fagbrev. Relevant erfaring frå arbeid med barn er ein fordel, men me oppmodar også deg som har interesse og motivasjon for å arbeide i barnehage til å søkje. For alle stillingane er det viktig at du har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg. Det må også leverast godkjend politiattest før oppstart.   Me ser etter deg som: er trygg, omsorgsfull og til stades i møte med barna er god på relasjonsbygging og skapar trygge rammer for barn og vaksne ynskjer ein aktiv og variert arbeidskvardag, både ute og inne er hjelpsam, raus og tilpassingsdyktig likar å samarbeide og bidra til eit godt arbeidsmiljø kan arbeide sjølvstendig og ta ansvar er fleksibel og løysingsorientert er opptatt av kvalitet og av å skape ein trygg, stabil og inkluderande barnehagekvardag Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.   Kva kan me tilby deg? Hjå oss får du ein meiningsfull jobb der du kvar dag får vere med og bidra til utvikling, meistring og gode opplevingar for barna. Me tilbyr: eit godt og inkluderande arbeidsmiljø med god fagkompetanse ein variert og meiningsfull arbeidskvardag gode pensjons- og forsikringsordningar bedriftshytte på Skeikampen   Har du lyst til å bli ein del av laget vårt? Enten du er utdanna barnehagelærar eller fagarbeidar, har erfaring frå barnehage eller har lyst til å jobbe som assistent, vil me gjerne høyre frå deg. Ta gjerne kontakt for ein uforplikta prat. Me fortel gjerne meir om barnehagane våre, stillingane og korleis det er å jobbe hjå oss.   Me ser fram til å høyre frå deg!   Andre opplysningar: - Den statlege ordninga med sletting av studiegjeld med 25.000kr i året gjeld for deg som har bustadadresse i Årdal kommune. Sjå Lånekassen.no for meir informasjon om kvalifisering. - Me gjer merksam på at ifølgje offentleglova §25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført opp på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort. - Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. For stillingar der det etter lov eller forskrift vert stilt spesielle krav til politiattest, skal det leggjast fram før tilsetjing. Link til søknadsskjema: Søk her
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.