Dirigent for Stordal skulekorps
Fjord kommune
- Arbeidssted
- FJORD, VALLDAL, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 15. nov. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du vere med på å gjere ein forskjell for eit lite, men engasjert skulekorps i vakre Stordal?
Stordal skulekorps har musikantar i alderen 9–17 år, i tillegg til fleire støttemedlemmer over 18 år som deltek når dei har høve. Frå januar 2027 vil korpset ha 12 faste musikantar på øvingane. Korpset har ei engasjert foreldregruppe som bidreg aktivt til drift og arrangement.
Korpset har vore ein viktig del av musikkmiljøet i Stordal sidan oppstarten i 1963. Kvart år gjennomfører dei eit vår- og eit haustprosjekt, og deltek på faste arrangement gjennom året. Mellom anna medverkar dei til 17. mai-feiringa, julegrantenning, adventskonsert i Stordal kyrkje og eit korpsstemne i løpet av sommar- eller haustsesongen.
Stordal skulekorps har øvingsdag torsdag ettermiddag/kveld.
Fjord kulturskule
Fjord kulturskule har følgjande stillingsdelar ledig for fast og/eller mellombels tilsetting:
Inntil 16% direksjon Stordal skulekorps.
Stillinga vert primært utlyst som fast stilling, men endeleg tilsettingsform og omfang vil bli avklart i løpet av tilsettingsprosessen.
Samarbeidet mellom kommunen som arbeidsgjevar og skulekorpset som oppdragsgjevar er regulert i ein eigen avtale. Korpset har uttalerett i tilsettingsprosessen.
Ønska oppstart av stillinga er januar 2027.
ArbeidsoppgåverDireksjon av Stordal skulekorps. I dette ligg det m.a. planlegging og gjennomføring av øvingar og konsertar, bygge eit inkluderande og motiverande læringsmiljø, oppfølging av enkeltmedlemmar og grupper, repertoarplanlegging, gjennomføring av konkurransar i nærområdet, samarbeid med andre aktørar/korps i distriktet, samarbeid med foreldregruppe/styre m.m.
Fjord kulturskule ynskjer familievennlege arbeidstider. For denne stillinga må det påreknast noko arbeid på kveld og helg etter nærare planar.
Kvalifikasjonarminimum 3 års høgare utdanning i eit eller fleire relevante kulturskulefag, alternativt minimum 4 års lærarutdanning med musikk i fagkrinsen.
Pedagogisk kompetanse som kvalifiserer for tilsetting i grunnskulen.
Undervisningskompetanse i minimum eitt korpsinstrument (messing, treblås, slagverk).
Dokumentert og omfattande realkompetanse kan heilt eller delvis erstatte formelle utdanningskrav.
Brei og variert kompetanse frå fleire kulturfag kan telle positivt ved tilsetting.
Øvrige vilkår:
For tilsetting i Fjord Kulturskule krev vi at politiattest av nyare dato vert framvist.
Tilgang til bil og gyldig førarkort for minimum kl. B
Personlege eigenskaparPersonlege eigenskapar i møte med barn og unge vil bli sterkt vektlagt. Tidlegare erfaring som dirigent for skulekorps er ein fordel, men ikkje eit absolutt krav.
Den som vert tilsett er forventa å kunne tilpasse notar til ulike ferdigheitsnivå.
Den som vert tilsett er forventa å delta i profesjonsfellesskapet i kulturskulen og bidra i rekrutteringsarbeidet.
Arbeids- og undervisningsspråk i kommunen er norsk. Den som vert tilsett må kunne kommunisere munnleg og skriftleg på norsk.
Vi tilbyrEit utviklande og fagleg sterkt fellesskap i kulturskulekollegiet.
Eit inkluderande og positivt korpsmiljø med engasjerte musikantar, styre og føresette.
Spanande samarbeidsprosjekt med interne og eksterne samarbeidspartar.
Gode moglegheiter for personleg og fagleg utvikling.
Lønn og arbeidsvilkår i samsvar med avtaleverket i KS.
Særs gode pensjonsordningar og medlemsfordelar gjennom KLP.
Gode og attraktive oppvekst- og buforhold.
KontaktinformasjonThea Marie Ytterdal, Rektor kulturskulen, +47 41576702
ArbeidsstadStordalsvegen 671
6250 Stordal
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Fjord kommune
Referansenr.: 5201436287
Stillingsprosent: 16%
Fast
Søknadsfrist: 15.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.