Sjukepleiar natt - Akuttpost Valen
Akuttpsykiatrisk post, Valen sjukehus
- Arbeidssted
- KVINNHERAD, VALEN, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 27. nov. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
På Akuttpost Valen møter du pasientar i ein sårbar situasjon der dine faglege og menneskelege kvalitetar kan vere avgjerande. Er du ein sjukepleiar som ønsker å bidra med tryggleik, omsorg og fagleg kompetanse i eit tverrfagleg miljø? Då kan dette være jobben for deg.
Akuttposten på Valen sjukehus kan tilby pasientane lysregulert behandling, med lys- og mørketarpi. Vi har også eit tilbod vi kallar for "Krisepakke", som er spesielt tilpassa pasientar i akutt krise.
Syns du dette verkar interessant og du har fleire spørsmål vedrørande stillinga, ta gjerne kontakt med oss.
Er dette jobben for deg? 👉Søk no og bli med på laget vårt!
Kva går jobben ut på?
Sjukepleiar med natt-teneste på døgnpost.
Sjukepleiar skal gje pasienten medisinsk og miljøterapeutisk behandling som er naudsynt for å oppfylle dei krav som er sett for kvar einskild pasient.
Vere med i beredskap på natt og bistå andre postar ved behov.
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?
Sjukepleiar med norsk autorisasjon.
Ønskeleg med erfaring og realkompetanse innan psykiatri.
Gode munnlege og skriftlege norskkunskaper er avgjerande for forsvarleg pasientbehandling.
Kva ser vi etter hos deg?Hos oss er det viktig at du
er initiativrik, interessert og har respekt for kvar enkelt pasient
taklar stressande situasjonar med ro og fagleg holdning
trivst i eit aktivt og travelt miljø
er ein god teamarbeider og likar å jobbe tverrfagleg
bidreg til eit godt arbeidsmiljø og er tilpasningsdyktig
etterspør rettleiing
Kvifor skal du velje oss?Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Inkluderande arbeidsmiljø med kompetente kollegaer
Kompetanseutvikling gjennom fagdagar og kurs
Opplæring i møte med aggresjonsproblematikk - MAP
Arbeidstid turnus med arbeid 3. kvar helg
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkar gi til kjenne dette i søknaden.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonMerete Gravdal, Funksjonsleiar, 53466474
ArbeidsstadSjukehusvegen 26
5451 VALEN
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5207585969
Stillingsprosent: 70%
Fast
Startdato: 04.01.2027
Sluttdato: 02.01.2028
Søknadsfrist: 27.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.