Buveileder bustadkontoret
Klepp kommune, Meistring og samordning
- Arbeidssted
- KLEPP, KLEPPE, ROGALAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 12. nov. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Har du lyst til å arbeide med bustad oppfølging og saksbehandling på bustadkontoret i Klepp?
Klepp kommune søkjer deg som har lyst til å vera med å bistå innbyggjarar i kommunale bustadar med å meistra å bu i eigen bustad.
Har du stå - på vilje og lyst til å vera med å videreutvikla det bustadsosiale arbeidet i kommunen? Då kan du vera personen me søkjer etter.
Som buveileder på bustadkontoret inngår du i eit tverrfagleg arbeidsmiljø, og det er 3 årsverk knytt til kontoret.
Kontoret er organisert under kommunal område helse og velferd, og i avdeling for tenestekontor. Det er samla 15 årsverk i avdelinga.
Næraste overodna er avdelingsleiar for tenestekontoret.
Oppgåvene er veiledning, saksbehandling/tildeling og oppfølging av kommunale bustadar. Ein stor del av kvardagen handlar om å bygge gode relasjonar, motivere brukarar og hjelpe dei til å nå eigne mål. Arbeidet føregår både i brukars heim og på kontor. Det er tett samarbeid med eiendomsavdelinga, flyktningetenesta, Nav og dei ulike avdelingane i helse og velferd.
Visjonen for kommunen er: " med blikk for alle" og er med oss i alt arbeidet vi utfører.
ArbeidsoppgåverOppfølging av leigetakarar i kommunale bustadar
Bistå søkjarar til kommunal bustad med å finne bustad på det private markedet
Praktisk og økonomisk veiledning, og motivere til økt sjølvstendighet og mestring
Delta i kartlegging og saksbehandling av søknader om kommunal bustad
KvalifikasjonarSosialfagleg/ økonomisk bakgrunn på høgskulenivå eller anna relevant høgskulenivå
Erfaring innan bustadsosialt arbeid
God økonomi forståing
Kunnskap og erfaring innan psykisk helse og rus
Gode datakunnskap
God norsk kunnskap, kommunen nyttar nynorsk som målform
Ynskjeleg med kjennskap til lov- og avtaleverk for fagområde og offentleg forvaltning
Attester og vitnemål
Vi ber om at du laster opp attester og vitnemål i PDF-format samen med søknaden din. Utenlandske vitnemål må være godkjent av Direktoratet for høgere utdanning og kompetanse (HK-dir) hkdir.no/utdanning-fra-utlandet. Utenlandske attester må være oversett til et skandinavisk språk eller engelsk. Vi gjør oppmerksom på at dokumentasjon på blant annet avtjent verneplikt og omsorg for barn, eldre eller sjuke også kan gi utteljing på lønnsansiennitet.
Personlege eigenskaparStødig og trygg fagperson som trives i samspel mellom medarbeidere og innbyggjarar
God på relasjonsbygging. Evne til å skape god dialog
Ha stor arbeidskapasitet og kunne arbeide strukturert
Ha evne til å motivere, skape engasjement og fremme refleksjon
Gjennomføringsevne, serviceinnstilt, fleksibel og løysningsorientert
Uredd og robust, du må tale å arbeide med motstand.
Evne til å arbeide sjølvstendig og saman med andre
For å lykkast i stillinga er det viktig å skape god dialog med innbyggjarane og ha gode kommunikative ferdigheter. Personlege eigenskapar er sentrale og vil bli lagt størst vekt ved tilsetning
Vi tilbyrVarierte arbeidsoppgåver der du vil være med å utvikle kommunen i framtida
Gode kollegaer, godt fagleg og sosialt arbeidsmiljø
Lønn etter gjeldande avtaleverk
Gode forsikrings- og pensjonsordningar (https://www.klp.no/pensjon/offentlig-tjenestepensjon-kort-fortalt)
Gratis parkering
TIlgang i bassenget i Klepphallen, ved gitte tider
Bedriftskunstforening
Ordning med refusjon for behandling hos fysioterapeut og kiropraktor
Fleksibel arbeidstid
KontaktinformasjonJane Fossan, Avdelingsleder, +47 92859072
ArbeidsstadSolavegen 1
4351 KLEPPE
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Klepp kommune
Referansenr.: 5200701803
Stillingsprosent: 80%
Fast
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 12.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.