Psykolog
POLIKLINIKK PSYKISK HELSE DPS MOLDE, Helse Møre og Romsdal HF
- Arbeidssted
- MOLDE, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 9. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du vere med på laget vårt?
Vi har no ei ledig stilling i seksjonen vår. Vikariatet er på seks månader, med moglegheit for forlenging i inntil eitt år. Vi søkjer ein kollega som er interessert i og engasjert for pasientar med psykiske lidingar.
Stillinga er knytt til eitt av allmennteama våre. Teamet tilbyr utgreiing og behandling for eit breitt spekter av psykiske lidingar hos pasientar med rett til behandling i spesialisthelsetenesta. I tillegg til å arbeide i eit tverrfagleg samansett team, vil du få moglegheit til å knyte deg til ulike kompetansegrupper innan traume, nevropsykologi, eteforstyrringar og personlegdomsforstyrringar. Stillinga vil òg vere knytt til oppstart av eit tilbod om e-behandling ved poliklinikken.
Klinikk for psykisk helse og rus består av fem avdelingar og 27 seksjonar. Poliklinikk psykisk helse DPS Molde høyrer til Avdeling for distriktspsykiatrisk senter (DPS) Nordmøre og Romsdal. Poliklinikken er organisert i fleire team: to allmennteam, gruppeteam, ROP-team, fylkesdekkjande spesialpoliklinikk for DBT og OCD, eit firedagarsteam (B4DT), ambulant akutteam, FACT og eit merkantilt team.
Poliklinikken har over 50 fagstillingar, mellom anna overlegar i psykiatri, legar i spesialisering, psykologspesialistar, psykologar, spesialergoterapeutar, psykiatriske sjukepleiarar og kliniske sosionomar.
Vi legg stor vekt på teamarbeid, godt samarbeid og god kollegastøtte. Dersom du har spørsmål om stillinga eller dei ulike teama, er du velkomen til å ta kontakt med seksjonsleiar.
ArbeidsoppgåverDiagnostisk utgreiing
Psykoterapeutisk behandling
Målretta internt og eksternt tverrfagleg samarbeid
Rettleiing og undervisning
Delta i utviklingsarbeid og planlegging
KvalifikasjonarAutorisasjon som psykolog i Noreg
Må meistre norsk munnleg og skriftleg
Erfaring frå lignande arbeid i psykisk helsevern er ein stor fordel
Personlege eigenskaparDu har gode samarbeidsevner, då det meste av arbeidet vert utført saman med andre team-medarbeidarar
Du trivst med arbeid i team, men må også ha evne til å arbeide sjølvstendig
Du kommuniserer godt både internt og eksternt
Du er fleksibel, løysningsorientert og ansvarsbevisst
Du har stor arbeidskapasitet og trivst i eit arbeidsmiljø med høgt tempo
Personlege eignaheit vert vektlagt ved tilsetting.
Vi tilbyrEin inkluderande arbeidsplass
Rekrutteringstillegg for psykologar og psykologspesialistar
Tilrettelegging for spesialisering og fagleg utvikling
Moglegheit å nytte ei spesifikk tilnærming i behandlinga
Deltaking i relevante kompetansegrupper i seksjonen med fokus på drøfting og fagutvikling
Sterkt tverrfagleg samarbeid
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
KontaktinformasjonTonje Sæter, Seksjonsleiar, Tonje.Seter@helse-mr.no
Maria Oppigård Nilssen, Ass.seksjonsleiar, maria.oppigard.nilssen@helse-mr.no
ArbeidsstedNøisomhedvegen 12
6416 Molde
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5178376973
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Søknadsfrist: 09.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.