Leiar for plan, bygg, oppmåling og miljø
Teknisk
- Arbeidssted
- MIDT-TELEMARK, BØ I TELEMARK, TELEMARK
- Publisert
- Søknadsfrist
- 28. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du vere med å forme framtida i Midt-Telemark? Då håpar vi å høyre frå deg!
Midt-Telemark kommune er ein kommune i vekst med stor aktivitet innan bygg, arealforvaltning og samfunnsutvikling. No søkjer vi ein engasjert og utviklingsorientert leiar til eit viktig fagområde i kommunen.
Som leiar for plan, bygg, oppmåling og miljø får du ei sentral rolle i utviklinga av lokalsamfunnet. Du vil leie eit fagmiljø med ansvar for reguleringsplanar, byggesaker, oppmåling og saker etter forureiningslova. Gjennom arbeidet ditt er du med på å leggje til rette for gode og framtidsretta løysingar for innbyggjarar, næringsliv og lokalsamfunn.
Eininga består i dag av åtte dyktige og engasjerte medarbeidarar. Som leiar har du ansvar for fagleg kvalitet, økonomi og personal, og du vil vere ein viktig samarbeidspartnar både internt i kommunen og overfor innbyggjarar, utbyggjarar og andre aktørar.
Vi ser etter deg som trivst med leiing, samarbeid og utviklingsarbeid, og som ønskjer å vidareutvikle eit sterkt fagmiljø og gode tenester.
ArbeidsoppgåverLeie eininga
Ivareta kvaliteten og følge opp sakshandsaming
Være pådrivar og delta i samfunnsutviklinga i Midt-Telemark
Delta i kommunalsjefen si leiargruppe
Delta i kommunalt planarbeid
Delta i politiske møter
KvalifikasjonarKrav til kvalifikasjoner:
Relevant utdanning på høgskule eller universitetsnivå
Leiarutdanning eller relevant leiarerfaring
God og oppdatert kunnskap om plan- og bygningslova
God økonomi- og budsjettforståing
Ønska kompetanse
Arbeidserfaring innan fagområda
Søkjar bør kunne meistre begge målformer
Personlege eigenskaparVi søker deg som brenn for samfunns og arealplanlegging
Du må være opptatt av ei ryddig og effektiv saksbehandling
Evne til å bygge relasjonar gjennom involvering og medverknad
Uttrykke tydelege forventningar, gje støtte, utvikle og inspirere medarbeidarar
Evne til å arbeide målretta og systematisk
Personlege egenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyrHyggelege, motiverte og kunnskapsrike kollegaer
Fagleg og personleg utvikling
Lønn etter avtale
Introduksjonsprogram for nye ledere i Midt-Telemark kommune
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intervju.
KontaktinformasjonHans Kortner Ryen, Kommunalsjef Teknisk, +47 91339201
ArbeidsstadGullbringvegen 20
3800 BØ I TELEMARK
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune
Referansenr.: 5189705311
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.