Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Sommarvikariat medisinstudent med lisens - oftalmologi 

Auge avdeling, Helse Førde

Arbeidssted
SUNNFJORD, FØRDE, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
17. jan. 2027
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Augeavdelinga ved Førde sentralsjukehus søkjer ein medisinstudent med lisens for sommaren 2027. Arbeidsperiode: 14.06.2027 - 15.08.2027. Vi søkjer medisinstudent med lisens som har interesse for, og gjerne erfaring innan, oftalmologi.  Augeavdelinga har ni legestillingar, der fire er LIS-stillingar, i tillegg til optikar og sjukepleiarar. Vi har høg poliklinisk aktivitet innan alle delar av augefaget, samt betydeleg kirurgisk aktivitet. Vi har engasjerte og dyktige medarbeidarar og eit godt arbeidsmiljø.  Vi ber om at eventuelle ønskje om ferie i arbeidsperioden blir opplyste i søknaden. ArbeidsoppgåverArbeid som LIS 2/3 ved augeavdelinga/poliklinikken Poliklinikken har eige operasjonsavsnitt med to operasjonsstover. All kirurgi innan augefaget i Helse Førde vert utført her. Vanleg oftalmologisk poliklinisk aktivitet Deltaking i vaktordning p.t. firedelt heimevakt KvalifikasjonarMedisinstudent med lisens Utdanning innan medisin Student på profesjonsstudiet i medisin. Gode språkkunnskapar er heilt avgjerande for forsvarleg pasienthandsaming. Ikkje-nordiske statsborgarar må minimum ha bestått Bergenstesten, eller annan norsktest på B2-nivå. Dokumentasjon må leggjast ved søknad (gjeld berre for helsepersonell) Personlege eigenskaparDu har god fagleg vurderingsevne og arbeider målretta og strukturert Du arbeider godt både sjølvstendig og i team Du kommuniserar og samarbeider godt med pasientar, pårørande og kollegaer Du møter pasientar på ein profesjonell og empatisk måte, er imøtekommande og viser respekt. Vi tilbyrLøn i samsvar med gjeldande overeinskomst Gode pensjons- og forsikringsordningar Triveleg arbeidsmiljø Høgt fagleg nivå   Vi oppfordrar alle søkjarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse KontaktinformasjonAndreas Dahl, Avdelingssjef, 991 03 573 ArbeidsstedSvanehaugvegen 2 6812 Førde Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Helse Førde Referansenr.: 5201507630 Stillingsprosent: 100% Vikariat Startdato: 14.06.2027 Sluttdato: 15.08.2027 Søknadsfrist: 17.01.2027
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.