Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Miljøterapeut

Rus og psykisk helse - Mikkjelsflaten

Arbeidssted
KVAM, ØYSTESE, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
18. nov. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Er du sjukepleiar eller vernepleiar og ønskjer ein meiningsfull jobb der du bidreg til tryggleik, meistring og livskvalitet for andre? Me søkjer ein engasjert og trygg miljøterapeut til 80 % fast stilling i nyoppretta avdeling i rus og psykisk helse - Mikkjelsflaten i Øystese. Avdelinga har ei arbeidstidsordning som inkluderer langvakter. Det er ønskjeleg at søkjar er positiv til langvakter, men deltaking i langvaktordninga er frivillig Me tilbyr heildøgns omsorg til ni personar med psykiske lidingar som ikkje kan bu i eigen heim. Målet er å skapa eit trygt, stabilt og inkluderande bumiljø.  Som miljøterapeut vil du bidra til å skapa struktur og tryggleik i kvardagen til bebuarane. Du vil følgja opp og støtta i daglege gjeremål, leggja til rette for sosial deltaking og vera ein viktig medspelar i arbeidet med å fremja meistring og sjølvstende.   Dette er ei spennande moglegheit for deg som ønskjer å vera med på etableringa og vidareutviklinga av eit nytt tilbod innan psykisk helsearbeid. ArbeidsoppgåverArbeidsoppgåver Oppfølging og støtte til bebuarar i daglege gjeremål og bidra til eit trygt og inkluderande bumiljø Pleie knytt til personleg hygiene og stell Skapa struktur i kvardagen Planleggja og gjennomføra aktivitetar Leggja til rette for meistring, sjølvstende og sosial deltaking Observasjon og dokumentasjon Samarbeid med pårørande og anna hjelpeapparat Medikamenthandtering KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som sjukepleiar eller vernepleiar Har du arbeidserfaring/utdanning innan psykisk helsearbeid er det ei føremon Du må ha interesse for fagfeltet psykisk helse Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg Digital kompetanse og erfaring med dokumentasjonssystem Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Denne skal ikkje leggast ved søknaden, men må leverast til leiar før oppstart i stillinga. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.  Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter. Personlege eigenskaparTrygg og tydeleg i rolla Gode samarbeidsevner Arbeider strukturert og ansvarsfullt Empatisk og evne til å byggja gode relasjonar Evne til å handtere krevjande situasjonar på ein roleg og profesjonell måte Fleksibel og løysingsorientert Me tilbyrEin variert og meiningsfull arbeidskvardag Moglegheit for fagleg og personleg utvikling Eit godt arbeidsmiljø med engasjerte kollegaer Tverrfagleg samarbeid Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem Som vernepleiar/sjukepleiar i heil stilling får du rekrutteringstillegg kr 40 000,- pr år (forhaldsmessig ved deltid)  Gode offentlege pensjons- og forsikringsvilkår   Generell informasjon: Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette. Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. KontaktinformasjonTove Pedersen, Leiar avdeling rus og psykisk helse, +47 950 42 898 ArbeidsstadRokabrekka 1 5610 Øystese Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kvam herad Referansenr.: 5204905708 Stillingsprosent: 80% Fast Søknadsfrist: 18.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.