Vil du jobbe innan kontor og administrasjon?
Rettleiingstenesta Vestland sør, Vestland fylkeskommune
- Arbeidssted
- STORD, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 26. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du vere med å gjere ein skilnad for ungdom og vaksne i Ullensvang og Sunnhordland?
Rettleiingstenesta legg til rette for at flest mogleg ungdom og vaksne fullfører vidaregåande opplæring. Vi har eit nært samarbeid med skular, kommunar, NAV og andre aktuelle instansar. Vi skal bidra til lærelyst og fremje læring for elevar og lærlingar. Dette gjer vi gjennom å følgje opp elevar, lærlingar, støtte ungdom utanfor opplæring, og rettleie vaksne. Tenesta består av eit tverrfagleg team innan fagfelta pedagogisk-psykologisk teneste (PPT), oppfølgingstenesta (OT), opplæring i bedrift og vidaregåande opplæring for vaksne.
Rettleiingstenesta Vestland sør dekkjer kommunane Fitjar, Tysnes, Stord, Bømlo, Sveio, Etne, Kvinnherad og Ullensvang. Vi har kontorstad på Stord og ved dei vidaregåande skulane i vårt område.
Vi har ledig ei 100 % fast stilling som kontormedarbeidar frå 4. januar 2027 med kontorstad på Stord. Stillinga er ei merkantil støttestilling som betyr mykje for heile tenesta. Med deg på laget får rådgjevarane tid til å bruke fagleg skjønn der det trengst mest, og du bidreg til høg kvalitet i tenestene våre.
ArbeidsoppgåverSom kontormedarbeidar gir du praktisk og administrativ støtte til leiar og rådgjevarane ved å:
handtere førespurnader til sentralbordet og besøk på kontoret
registrere, fordele, journalføre og arkivere innkomen post i ulike sak- og arkivsystem
innhente og sende opplysningar, utforme korrespondanse, bistå i rapportering og skrive referat frå møte
gjennomføre innkjøp og fakturabehandling, og bidra i rekneskaps- og budsjettarbeid
gi tilsette opplæring i bruk av ulike fagsystem
leggje til rette for praktisk gjennomføring av møte og kurs
ha praktisk ansvar for tenestebilane og køyre ved behov, t.d. i samband med innkjøp og transport
hjelpe dei andre rettleiingstenestene i Vestland ved behov
utføre andre arbeidsoppgåver som kan bli lagde til stillinga
Som kontormedarbeidar er du del av eit fagnettverk med dei merkantile i alle dei seks rettleiingstenestene i Vestland. Arbeidsoppgåvene krev at du kan organisere eige arbeid og jobbe sjølvstendig. Du må rekne med noko reiseverksemd til skular og samarbeidspartnarar i regionen.
KvalifikasjonarVi søkjer deg som har:
relevant bachelorutdanning innan administrasjon, økonomi eller tilsvarande
førarkort klasse B
erfaring frå arbeid med eller kjennskap til målgruppene i rettleiingstenesta er ein fordel
god kjennskap til vidaregåande opplæring
kunnskap om lov, regelverk og offentleg forvalting
gode digitale ferdigheiter
god munnleg og skriftleg framstillingsevne
det er krav om politiattest før tilsetjing
Særleg relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet.
Personlege eigenskaparVi søkjer etter deg som:
er imøtekommande og serviceinnstilt
er løysingsorientert, strukturert og har stor interesse for fagleg utvikling
har evne til å samarbeide, men òg jobbe sjølvstendig
er flink til å rettleie kollegaer
er fleksibel, inkluderande og har evne til å byggje gode relasjonar
Personlege eigenskapar vert vektlagt.
Vi tilbyrHos oss får du:
ein meiningsfull og samfunnsnyttig arbeidskvardag
ei spanande stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
gode moglegheiter for fagleg utvikling
løn etter avtale
gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar
KontaktinformasjonRagnhild Ravna Skjærvik, leiar, 41432387, Ragnhild.Ravna.Skjaervik@vlfk.no
ArbeidsstadVikastemmo 35
5411 Stord
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5208950842
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 04.01.2027
Søknadsfrist: 26.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.