Lærar i språk- og samfunnsfag
Buskerud fylkeskommune, Gol vidaregåande skule
- Arbeidssted
- GOL, BUSKERUD
- Publisert
- Søknadsfrist
- 21.09.2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Engasjement
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Gol vidaregåande skule har ledig stilling for lærar i språk- og samfunnsfag. Vi kan tilby midlertidig tilsetting i inntil 100% stilling fram til 01.08.2027. Vi treng lærer med undervisningskompetanse i norsk og fag innan samfunnsfaga. Engelsk kan og vera aktuelt.
Om skulen:
Gol vidaregåande skule har ca 300 elevplasser og 60 tilsette fordelt på tre utdanningsprogram: Studiespesialisering, idrettsfag og restaurant- og matfag. I tillegg har vi kombinasjonsprogram og vaksenopplæring. Skulen har gode undervisningslokale og eigen kantine. I tillegg ligg bibliotek, scene og idrettsanlegg i nær tilknytning til skulen.
Tilsette ved skulen skal arbeide for at alle elevar er del av eit læringsmiljø prega av tryggleik, inkludering og positive forventningar, slik at dei kan trivast og nå måla sine. På våre læringsarenaer er det variert og elevaktiv undervisning som skal gje god læring.
Gol vidaregåande skule ligg sentralt i Gol kommune, som er knutepunkt i Hallingsdalsregionen. Til Gol kjem du enkelt med tog eller bil fra Oslo og Bergen. Det er også god kommunikasjon med øvrige delar av Vestland og Innlandet.
Les meir om Gol vidaregåande skule her: bfk.no/gol-vgs
Arbeidsoppgåver:
undervisning
planlegging og leiing av elevane si læring
oppfølging av elevar fagleg og sosialt
fagleg-pedagogisk samarbeid
funksjon som kontaktlærer kan vere aktuelt
Kvalifikasjonar:
godkjend undervisningskompetanse, både fagleg og pedagogisk. Vitnemål og attestar skal leggjast ved søknaden.
gode digitale ferdigheter
arbeidserfaring frå vidaregåande skule er ønskjeleg
Personlege eigenskapar:
trivast med ungdom
utviklingsorientert, nyskapande og ha rom for kreativitet
ha god evne til å kommunisere, samarbeide og ha struktur
tydeleg klasseleiar
kunne reflektere over og forbetre eigen undervisning
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Vi kan tilby:
godt arbeidsmiljø og kultur for samarbeid
lønn- og arbeidsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
gode pensjon- og forsikringsordningar
Anna:
Vi tek atterhald om tilsetjingsbehovet fram til tilsetjing skjer.
Ansettelsesform: Tidsbegrenset ansettelse.
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.