Fagperson innan helse/sosial/ pedagogikk
Familieambulatoriet poliklinikk Haugesund
- Arbeidssted
- HAUGESUND, ROGALAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 4. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du vere med og gjere ein forskjell for både små og store – heilt frå starten av livet?
I Familieambulatoriet på Haugesund sjukehus jobbar vi for å gi god støtte til gravide og småbarnsfamiliar som står i ekstra krevjande livssituasjonar. No ser vi etter ein ny kollega som vil vere med oss i dette viktige arbeidet.
Hos oss møter du eit tverrfagleg team med stort engasjement og fagleg tyngde – og ikkje minst: kollegaer som ser kvarandre, løftar kvarandre og har det fint saman på jobb.
Vi gir eit lågterskeltilbod til familiar der ein eller begge foreldre har utfordringar knytte til psykisk helse og/eller rus. Vi følgjer familien frå graviditet og heilt til barnet er seks år – og vi er med på å koordinere hjelpa som trengst i kommune- og spesialisttenesta. Det må påreknast noko ambulant verksemd.
Du blir ein del av ein inkluderande arbeidskvardag med relasjonsbygging, familie- og nettverksarbeid og rom for fagleg utvikling.
Vi håpar du har lyst til å bli ein del av laget vårt.
👉 Her kan du lese meir om Familieambulatoriet
Kva går jobben ut på? Følgje opp den gravide, barn og familiar koordinert med ulike samarbeidspartnerar
Medverke i gjennomføring av barneundersøkingar i samarbeid med lege og psykolog
Kontakt med aktuelle instansar rundt familiane
Bidra fagleg gjennom undervisning, teamarbeid og engasjert deltaking i Familieambulatoriet si utvikling internt og via fagnettverket.
Teamarbeid
Kva kompetanse er viktig i denne rolla?Fagperson med høgskuleutdanning innan fagfelta helse/sosial/pedagogikk
Det er ønskeleg med vidareutdanning innan eit eller fleire av områda: samspel/tilknyting, psykisk helse og rus, familierettleiing
Kompetanse og erfaring med kartlegging og oppfølgingsarbeid innan svangerskap, familie, barn og psykisk helse og rus
Kompetanse og erfaring i arbeid med sped- og småbarn si psykiske helse
Erfaring med tverrfagleg samarbeid på tvers av avdelingar og mellom føretak og kommunar.
Rettleiingskompetanse/erfaring
Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Kva ser vi etter hos deg?Vi ser etter deg som:
Har godt lag med folk og er oppteken av god pasientbehandling
Har gode kommunikasjonsevnar
Likar å arbeide i team og har gode samarbeidsevner
Er fleksibel, løysingsorientert og tilpassar deg nye arbeidsmåtar og oppgåver
Jobbar godt på eiga hand og held oversikt over arbeidsoppgåvene
Har fagleg engasjement og høg fagkompetanse
Personlege eigenskapar vil bli vektlagde.
Kvifor skal du velje oss?Hos oss får du:
Eit utfordrande og spennande arbeidsfelt i utvikling.
Arbeid i tverrfaglege team.
Fagleg rettleiing.
Moglegheit for kompetanseheving.
Eit godt fagmiljø og kjekke kollegaer.
Ei dagstilling.
For å kunne vurdere fortrinnsrett til stilling, må søkjar gi til kjenne dette i søknaden.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonKjersti Rikke Nygaard Bårdsen, Funksjonsleiar, Kjersti.Rikke.Nygaard.Bardsen@helse-fonna.no
ArbeidsstadKarmsundgata 120
5528 HAUGESUND
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Fonna HF
Referansenr.: 5196239580
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.