Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Legevikariat

Helse, omsorg og velferd, Ørsta kommune

Arbeidssted
ØRSTA, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
20. nov. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Ein av våre legar har permisjon og det er difor ledig 80 % vikariat for periode 01.01.-31.07.2027. Stillinga er delt mellom 50 % på helsestasjon og 30 % på sjukeheim. Dersom du ønsker å søke på berre delar av stillinga, kan det vere mogleg å søke på 50 % helsestasjon eller 30 % sjukeheim, og kombinere dette med t.d. legevakt. Stillinga har ikkje legevaktsplikt, men det kan vere mogleg å gå legevakt dersom du sjølv ønsker det Du kan få tellande både sjukeheims- og helsestasjonspraksis i ALIS-løpet dersom det er aktuelt for deg, sidan vi har både helsestasjon og sjukeheim som læringssarena i vår generelle utdanningsplan for ALIS Legetenesta i Ørsta består elles av 15 fastlegar og to LIS1-stillingar som alle er lokaliserte ved Ørsta helsesenter, samt kommuneoverlege i 100 % stilling. Du vil få høve til å delta på vekentlege møte på Ørsta helsesenter og slik vere ein del av legefellesskapet i Ørsta kommune. Helsestasjon/skulehelseteneste: Arbeidet vil i hovudsak vere obligatoriske legekontrollar i samsvar med helsestasjonsprogrammet. I tillegg deltek ein på helsestasjon for ungdom (HFU) og har ansvar for legedelen av førsteklassekonsultasjonane. Legen samarbeidar både med helsesjukepleiarane som har helsestasjon 0-5 år og dei som har skulehelseteneste. Legen kan også ha enkelte konsultasjonar for barn som kjem som flyktningar. Det kan også verte aktuelt med oppfølging av flyktningar i samband med helseundersøkinga som dei får tilbod om. Helsestasjonen har om lag 11 årsverk fordelt på 15 tilsette: avdelingsleiar, jordmor, kommunepsykolog, merkantil ressurs og helsesjukepleiarar.Fysioterapeut er knytt til helsestasjonen for barn 0-5 år i 20 % stilling. Ørsta er BTI-kommune (betre tverrfagleg innsats) og vi er godt i gang med implementering av denne måten å jobbe systematisk og tverrfagleg rundt barn og familiar. Helsestasjonen er lokalisert i same bygg som ergo, fysio, friskliv og Ørsta helsesenter(fastlegane).   Sjukeheim: Kommunen har to sjukeheimslegestillingar. I tillegg til denne som er utlyst, er det 90 % stilling ved Ørstaheimen.  Arbeidstida er fordelt med ein fast dag i veka ved Hjørundfjordheimen på Sæbø og ein halv fast dag i veka ved Vartdal Helsetun på Vartdal. Det kan vurderast ei anna fordeling av arbeidstida dersom dette er meir føremålstenleg. ArbeidsoppgåverHelsestasjon: legeoppgåver ved helsestasjon og HFU du kan inngå i fleire team på hesestasjonen (skuleteam, helsestasjonsteam) enkelte førstegongskontrollar for barn som kjem som flyktningar Sjukeheim: tilsynslegeoppgåver ved Vartdal helsetun og Hjørundfjorheimen på Sæbø Kvalifikasjonardu oppfyller krava i Forskrift om kompetansekrav for leger du uttrykker deg godt på norsk både munnleg og skriftleg det er krav om godkjend politiattest du har førarkort, klasse B og kan disponere eigen bil i teneste Personlege eigenskaparVi søker etter ein lege som likar å jobbe både sjølvstendig og samarbeide med andre skaper gode relasjonar til born, eldre, føresette og pårørande er opptatt av fagutvikling har interesse både for forebyggande oppgåver og helseutfordringar hjå eldre er fleksibel snarleg tilsetting vil verte prioritert Vi tilbyrgodt legefellesskap der du har høve til å delta på vekentlege møte saman med fastlegane dyktige kollegaer både på helsestasjonen og på sjukeheimane Spennande utfordringar og ein variert arbeidskvardag Arbeidstid på dagtid med fleksitidsordning Gode pensjons- og forsikringsordningar for tilsette i KLP Løn etter avtale KontaktinformasjonCamilla Nupen, avdelingsleiar, 90075316, camilla.nupen@orsta.kommune.no Runa Bakke, Tenesteleiar, 91621147, runa.bakke@orsta.kommune.no ArbeidsstadHåkonsgata 78 6150 Ørsta Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ørsta kommune Referansenr.: 5204411880 Stillingsprosent: 80% Vikar Søknadsfrist: 20.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.