Vernepleiar/miljøterapeut - 100 % fast
Åmot skule, Vinje kommune
- Arbeidssted
- VINJE, TELEMARK
- Publisert
- Søknadsfrist
- 1. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Me har ledig stilling som vernepleiar/miljøterapeut frå snarast, og søkjer ein fagleg trygg og omsorgsfull medarbeidar som vil vere med på å skape eit inkluderande og utviklande miljø for både elevar og kollegaer.
Åmot skule ligg sentralt i Åmot og er ein kombinert barne- og ungdomsskule med om lag 150 elevar, noko som gjev eit oversiktleg, trygt og inkluderande læringsmiljø.
Me har eit sterkt fagmiljø, godt samarbeid i personalet og eit aktivt skulemiljø med fokus på livsmeistring og praktisk læring.
Elevane får mellom anna gratis skulemat kvar dag, og skulen tilbyr varierte læringsarenaer og opplevingar gjennom året.
Me ser etter deg som brenn for arbeid med elevar med særskilde behov – og som vil vere med og skape ein skule der både elevar og tilsette kjenner seg sett, støtta og inspirerte.
Velkomen som søkjar.
ArbeidsoppgåverGje miljøterapeutisk støtte og tilrettelegging for elevar med ulike behov
Planleggje og følgje opp tiltak i samarbeid med skule, heim og faginstansar
Sikre god kommunikasjon og samarbeid med føresette og andre samarbeidspartar
Utarbeide og dokumentere IOP-ar og andre nødvendige tiltak
Gje rettleiing til andre tilsette som jobbar rundt elevane
Delta i tverrfagleg samarbeid for å sikre heilskapleg oppfølging av elevar
Delta i SFO-arbeid ved behov
Bidra til eit trygt og inkluderande læringsmiljø gjennom førebyggjande arbeid
Vere ein aktiv deltakar i skulen sitt profesjonsfellesskap og utviklingsarbeid
KvalifikasjonarBachelor i vernepleie, med autorisasjon som vernepleiar
Gjerne vidareutdanning innan spesialpedagogikk, autisme, psykisk helse, åtferdsanalyse eller liknande (ikkje krav)
Erfaring frå arbeid med barn og unge, gjerne frå skule, SFO eller andre opplærings- og omsorgsarenaer
Kompetanse i miljøterapeutisk arbeid og målretta miljøarbeid
Kjennskap til arbeid med IOP, tiltak, dokumentasjon og tverrfagleg samarbeid
God digital kompetanse og evne til å bruke relevante digitale verktøy
God skriftleg og munnleg framstillingsevne
Personlege eigenskaparTrygg og tydeleg i møte med elevar – skapar ro, føreseielegheit og gode relasjonar
Tålmodig og løysingsorientert – møter utfordringar med fagleg ro og fokus på meistring
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner – jobbar godt i tverrfaglege team og bidreg positivt i profesjonsfellesskapet
Fleksibel og tilpassingsdyktig – handterer endringar i elevbehov og kvardagslogistikk på ein god måte
Evne til å jobbe strukturert og sjølvstendig – tek initiativ, følgjer opp tiltak og held orden i dokumentasjon
Høg relasjonskompetanse – evnar å sjå, forstå og støtte elevar med varierande utfordringar
Profesjonell og etisk bevisst – møter elevar og føresette med respekt, openheit og fagleg integritet
Stå-på-vilje og gjennomføringsevne – held ut i krevjande situasjonar og bidreg aktivt til gode løysingar
Reflektert og utviklingsorientert – ønskjer å lære, dele erfaringar og vidareutvikle praksis
Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing
Me tilbyrGode løn-, forsikrings- og pensjonsordningar
Arbeidsmiljø med fokus på den gode arbeidsplassen
Faglege oppdaterte og dyktige kollegaer
Lunsj til hyggjeleg pris for tilsette
Aktivitetskortordning
Andre opplysningar:
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk.
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Lever kopi av vitnemål og attestar i samband med intervjuet.
Ved ny tilsetjing blir det stilt krav om politiattest, jf. opplæringslova §10-9. Attesten skal ikkje vera eldre enn 3 månadar og skal ikkje leverast med søknaden.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
KontaktinformasjonGisle Bonna Espedalen, Verksemdsleiar, +47 91802014
ArbeidsstadRaulandsvegen 58
3890 Vinje
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vinje kommune
Referansenr.: 5199527006
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 15.11.2026
Søknadsfrist: 01.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.