Helgestilling på natt
Bø sjukeheim Løvlund
- Arbeidssted
- MIDT-TELEMARK, BØ I TELEMARK, TELEMARK
- Publisert
- Søknadsfrist
- 30. sep. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Bø sjukeheim – avdeling Løvlund
Avdeling Løvlund er ei av fire avdelingar ved Bø sjukeheim, og har spesialisert seg på pleie og omsorg for personar med demens. Me tilbyr ein arbeidsplass med faglege utfordringar, der tverrfagleg samarbeid, høg fagkompetanse, pasienttryggleik og kontinuerleg kvalitetsutvikling står i sentrum.
Hos oss får du høve til å bidra i eit meiningsfylt arbeid, saman med dyktige og engasjerte kollegaer i eit godt arbeidsmiljø. Me søkjer deg som ønskjer å gjere ein forskjell – kvar einaste dag.
Stillinga inneber turnusarbeid på natt, med vakter kvar tredje helg.
Høyrest dette spennande ut? Då ynskjer me deg hjarteleg velkommen som søkjar!
ArbeidsoppgåverUtøve pleie og miljøterapi til avdelingas pasientar.
Journalføring og dokumentasjon.
Legemiddel handtering
Praktiske oppgåver
Må kunne vurdera akutte situasjonar, og dessutan ta raske avgjerder ved behov.
Må kunne handtera åtferd som er utfordrande og tiltak etter kap.4A.
Utvikle og jobbe i fagadministrative system (Profil, Compilo)
KvalifikasjonarKrav til kvalifikasjonar
Beherske norsk skriftleg og muntleg (dokumentert B2 nivå)
Ønska kompetanse
Autorisert helsefagarbeider eller under utdanning til å bli helsefagarbeider
Erfaring frå arbeid med personar med demenssjukdom, miljørettet arbeid og åtferd som utfordrar er ønskjeleg.
God kjennskap til bruk av data som verktøy jmf dokumentasjonsplikta
Særskilde krav
Krav om politiattest, jf. Lov om Helse og omsorgstjenester § 5-4. Politiattest skal framvisast før oppstart i stilling.
Personlege eigenskaparTolmodig og engasjert i behovet til pasienten.
Faglig dyktig og engasjert.
Evne til å samarbeide, men også jobbe sjølvstendig.
Fleksibel og omstillingsdyktig.
Det vil bli lagt stor vekt på personlege eigenskapar.
Vi tilbyrGodt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer.
E-læringskurset for nytilsette i Midt-Telemark kommune
Lønn etter gjeldande lov og avtaleverk
Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kopi av vitnemål og attestar tas med ved eventuelt intervju.
KontaktinformasjonLeslie Katrien Vicky Van Der Voorde, Avdelingsleiar, +47 48126707
ArbeidsstadGamleveg 43
3802 Bø
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Midt-Telemark kommune
Referansenr.: 5171399781
Stillingsprosent: 26%
Fast
Søknadsfrist: 30.09.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.