Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Fagarbeider - 100% vikariat (2.gongs utlysning) 

Fjone barnehage, Nissedal kommune

Arbeidssted
NISSEDAL, TREUNGEN, TELEMARK
Publisert
Søknadsfrist
18. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vil du vere med og skape verdas beste oppvekstbygd? Fjone barnehage har ledig 100 % vikariat som barne- og ungdomsarbeidar frå 04.01.2027 - 10.10.2027. I Nissedal kommune arbeider vi for at alle barn skal oppleve ein trygg, inkluderande og hjernevenleg oppvekst. Gjennom satsinga vår på «Verdas beste oppvekstbygd» ønskjer vi å skape gode arenaer for leik, læring, meistring og livsglede for alle barn og unge.  Er du å glad i å vere med barn, og ynskjer deg ein meiningsfylt jobb med varierte arbeidsoppgåver? Då er det kanskje deg me treng med på laget?    ArbeidsoppgåverSkape gode dagar for barna gjennom omsorg, leik og læring. Vere ein aktiv og engasjert deltakar i barnehagekvardagen. Støtte barn si utvikling og meistring. Byggje trygge relasjonar med barn, føresette og kollegaer. Bidra til pedagogisk arbeid og utvikling av barnehagen. Samarbeide i eit fagleg og inkluderande arbeidsfellesskap. KvalifikasjonarFagbrev som barne- og ungdomsarbeidar er ønskjeleg. Andre fagbrev kan vere verdifullt. Personar utan formell kompetanse kan og bli vurderte.  Erfaring frå arbeid med barn er ein fordel. Førarkort klasse B Du kan kommunisere godt munnleg på norsk. Politiattest må leggast fram før tiltreding. Personlege eigenskaparVi ser etter deg som er varm, trygg og tilstadesverande i møte med barna. Du er engasjert, samarbeidsorientert og bidreg positivt til fellesskapet. Du tek ansvar, viser initiativ og evnar å vere fleksibel i ein variert og aktiv kvardag. Personleg eignaheit og evne til å byggje gode relasjonar vil bli vektlagt. Vi tilbyrEit inkluderande arbeidsmiljø som legg vekt på å spille kvarandre gode Dyktige og engasjerte kollegaer med lang erfaring og glimt i auga. Meiningsfylte arbeidsoppgåver med barnet sitt beste i fokus. Ein liten barnehage med store muligheter. Moglegheit til å vere med på utviklingsarbeid knytt opp til kommunen si satsing på hjernevenleg oppvekst. Tilgang til relevant digital kompetanseheving gjennom kommunen sin kursportal "MerKompetanse." Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande avtaleverk. Nissedal kommune nyttar nynorsk som skriftspråk, og tilsette i kommunen pliktar å sette seg inn i kva det vil sei å vere ein nynorsk kommune. KontaktinformasjonMaria Moland, Styrar Fjone barnehage, 468 53 091, maria.moland@nissedal.kommune.no ArbeidsstadFjonevegen 2238 3855 Fjone Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Nissedal kommune Referansenr.: 5205142509 Stillingsprosent: 100% Vikar Startdato: 04.01.2027 Sluttdato: 10.10.2027 Søknadsfrist: 18.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.