Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Dekkssjef i 2:2 turnus

Fjord1 - Maritim Drift

Arbeidssted
STAVANGER, RENNESØY, ROGALAND
Publisert
Søknadsfrist
6. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vi søker no etter ein dekkssjef til sambandet Arsvågen–Mortavika, p.t. MF Raunefjord.   Arbeidsordninga er dagskift, 2 veker på og 2 veker fri, med ei arbeidsveke på 85 timar. Du kan reise heim etter endt vakt, men det er og mogleg å bu om bord dersom du ønsker det. Dette er ei ordning som gir god balanse mellom jobb, familieliv og fritid. Som dekkssjef vil du ha ei sentral rolle om bord, med ansvar for dekksavdelinga, navigasjonsutstyret og operativ leiing. Du vil vere kapteinen sin stedfortredar og bidra til at drifta går trygt, effektivt og i tråd med gjeldande regelverk og beste praksis. Arbeid om bord gir brei erfaring med manøvrering til og frå kai under utfordrande værforhold, stor trafikk og høgt tempo. Denne kombinasjonen gjer at ein utviklar verdifull kompetanse innan samarbeid, raske vurderingar og trygg handtering under press - erfaringar som er nyttige i vidare arbeid til sjøs. Ønskeleg med oppstart i november.  Relevante kandidatar blir kontakta fortløpande. Arbeidsoppgåver Leiar for dekksavdeling og sikre effektiv drift  Vere avløysar for skipsførar  Ta avgjerder i kritiske situasjonar dersom skipsføraren ikkje er tilgjengeleg Utføre ettersyn og vedlikehald av navigasjonsutstyr Sikre at fartøyet alltid er sjødyktig og oppfyller tryggleikskrav Oppdatere og halde vedlike vedlikehaldssystem for dekk Ansvar for opplæring, utvikling og trening av mannskapet  Sikre at mannskapet har riktig verneutstyr og følgjer tryggleiksrutinar Sørge for at passasjerane vert behandla på ein høfleg og profesjonell måte Kontrollere at kommunikasjonsutstyr fungerer som det skal  Påsjå at billettering og kontroll vert gjennomført i samsvar med retningslinjer  Sikre trygg og effektiv lasting og lossing av fartøyet KvalifikasjonarMinimum D2-sertifikat GMDSS/ROC sertifikat Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta Ferdigheitssertifikat medisinsk behandling Ferdighetssertifikat videregående IGF Krise-og passasjerhandtering Gyldig helseattest Skandinaviske språkkunnskaper muntlig og skriftlig  Fjord1 dekker IGF kurs og krise-/og passasjerhandtering for aktuelle kandidatar. Personlege eigenskaparVi leiter etter ein erfaren og dyktig dekkssjef/overstyrmann med forståelse for sikker navigasjon, operativ ledelse og samarbeid i maritime team. Du må kunne håndtere krevende situasjoner med ro og besluttsomhet, ha god kjennskap til relevante forskrifter og bidra til å sikre trygg og effektiv drift av fartøyet. Vi ser etter ein fleksibel og løysingsorientert person som trives med ein variert arbeidskvardag. Om desse eigenskapane beskriver deg, tar vi gledeleg imot din søknad.  Vi tilbyrLønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjøoffiserforbund Dagkift: 2 veker på, 2 veker av.  Treningsrom om bord i fartøyet Vi har rekrutteringsbonus ved tips om kandidatar, som blir tilsett i 100% stilling – ta kontakt for mer informasjon om vilkår Attraktive velferdsordningar: firmahytter, leiligheiter, treningstøtte, behandlingsforsikring og gode rabattordningar KontaktinformasjonBenedicte Ellingsen, Rekrutteringsmedarbeider, 47887896, benedicte.ellingsen@fjord1.no ArbeidsstedE39 4150 Rennesøy Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Fjord1 - Maritim Drift Referansenr.: 5184138653 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 06.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.