Lærling automasjon
SFE AS
- Arbeidssted
- BREMANGER, SVELGEN, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 3. jan. 2027
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Lærling
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
SFE er ein av dei største produsentane av fornybar energi på Vestlandet. Kvar dag jobbar vi for å sikre trygg og stabil kraftproduksjon frå våre vasskraftverk, og vi treng dyktige fagfolk også i framtida.
Vi er godkjend lærebedrift innan automasjonsfaget og tek kvart år inn nye lærlingar ved kraftverka våre. No søkjer vi deg som ønskjer ei spennande og lærerik læretid i ei framtidsretta næring.
Kva jobbar ein automatikar med i kraftbransjen?
Som automatikarlærling får du arbeide med drift, vedlikehald og vidareutvikling av styre-, regulerings- og overvakingssystem som er avgjerande for kraftproduksjonen vår. Du vil vere med på å sikre at avanserte tekniske anlegg fungerer trygt og effektivt.
Gjennom læretida får du arbeide med instrumentering, sensorar, kontrollanlegg, PLS-system, feilsøking og vedlikehald av automatiserte prosessar. Du vil samarbeide tett med erfarne fagarbeidarar, ingeniørar og andre spesialistar i eit tverrfagleg miljø.
Som lærling i SFE får du
opplæring i tråd med læreplanen for automasjonsfaget
tett oppfølging frå fagleg leiar og instruktørar
erfaring frå drift, vedlikehold og prosjekt i våre kraftverk
arbeide med moderne teknologi og kritisk infrastruktur
vere ein del av eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
gode velferdsordningar
Vi ser etter deg som er nysgjerrig og har interesse for teknologi, automasjon og digitale løysingar, likar å finne årsaker til feil og løyse tekniske utfordringar, er praktisk anlagt og ønskjer å lære gjennom erfaring, er ansvarsbevisst og har fokus på kvalitet i arbeidet, samarbeider godt med andre, og som sjølvsagt har eit stort fokus på tryggleik og ønskjer å bidra til eit godt HMS-miljø.
Kvifor velje SFE?
I SFE får du jobbe med straumproduksjon - som er avgjerande for samfunnet vi lev i. Arbeidet du gjer som lærling er ein viktig del av verdikjeda, og bidreg til at anlegga våre blir drivne sikkert, effektivt og framtidsretta.
Vi er stolte av det gode arbeidsmiljøet vårt, det sterke fokuset på HMS og den høge faglege kompetansen i organisasjonen. Hos oss blir du teken på alvor, får ansvar undervegs og gode moglegheiter til utvikling.
Som lærling i automasjonsfaget kan du ha oppmøtestad i Ålfoten eller i Svelgen, begge i Bremanger kommune.
Vil du starte karrieren din i fornybarnæringa? Då håpar vi å høyre frå deg.
For spørsmål ta kontakt med leiar kraftverksdrift Jens Gule på telefon 913 50 826.
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.