Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Leiar for Kvam legevakt

Kvam herad

Arbeidssted
KVAM, NORHEIMSUND, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
8. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Leiar for Kvam legevakt er ei unik leiarstilling for deg som ønskjer å kombinera strategisk leiing, fagutvikling og akuttmedisinsk kompetanse, samstundes som du deltek aktivt i klinisk arbeid som sjukepleiar.  Legevakta i Kvam vert bemanna av fastlegane i kommunen frå kl. 15.30 – 23.00 på kvardagar og 08.00-23.00 i helgar og på høgtidsdagar. Frå 23.00-08.00  (08.30 kvardagar)  overtek Voss interkommunale legevakt ansvaret for  legevaktsentralen, medan lokal lege fungerar som bakvakt ved akutte hendingar i Kvam.   Legevakta er bemanna med 6 sjukepleiarar i  31,4 % stillingar. Desse arbeidar turnus med vakter kveld og helg.   Me søkjer deg som er tydeleg, trygg og endringsorientert, og som vil bidra til god og effektiv drift, sikra høg fagleg kvalitet på tenestene, skapa eit godt arbeidsmiljø og utvikla medarbeidarane og tenestene vidare.  Som leiar har ein det overordna ansvaret for administrativ og operativ drift av legevakta, fagleg kvalitet i lag med medisinsk rådgjevar, økonomi, personalansvar for sjukepleiarane, og handtering av legevaktsentalen på dagtid. Stillinga inneber òg tett samarbeid med andre avdelingar innan helse og omsorg, ambulansetenesta, fastlegane og andre akuttmedisinske aktørar.  Stillinga er ledig frå november 2026 og er kombinert med både administrative oppgåver og drift/kliniske sjukepleiaroppgåver. Leiar bemannar legevaktsentralen dagtid i vekedagene og legekontora driftar daglegevakta.   Stillinga er i 100 %, og rapporterar til leiar for legetenesta. Arbeidstida er frå 08.30-16.00. Då arbeid på legevakt krev særskild  opplæring, må leiar  ved ekstraordinære situasjonar òg kunna arbeida kveld og helg.   ArbeidsoppgåverDagleg leiing og drift av legevakta  Personalansvar, inkludert rekruttering, opplæring, utvikling og oppfølging av tilsette  Planlegging og oppfølging av bemanning, turnus og ressursstyring  Budsjett- og økonomioppfølging  Sikre at tenestene vert drivne i samsvar med gjeldande lovverk, forskrifter,nasjonale føringar og kvalitetskrav  Leia og vidareutvikla HMS-, kvalitets- og forbetringsarbeid  Delta som arrangør/fasilitator ved samtrening og kurs  Saksbehandling og oppfølging av avvik, klager og forbetringstiltak  Bidra aktivt til vidareutvikling av legevakttenesta i samarbeid med overordna leiar, kommuneoverlege og  andre samarbeidspartar  Sikra god samhandling med interne og eksterne aktørar  Leggja til rette for meistring, medverknad og fagleg utvikling hos medarbeidarane  KvalifikasjonarAutorisert sjukepleiar, gjerne med relevant vidareutdanning.   Minimum 2 års relevant klinisk erfaring, og god fagleg forståing  Gjennomført kurs innan akuttmedisin, vald- og overgrepshandtering, nødnett og triage, eller vilje til å ta desse før tiltreding. Dette er obligatoriske kurs for legevaktoperatørar.   Erfaring frå legevakt/akuttmedisin er ei føremon  Relevant leiarutdanning, eller vilje til å gjennomføra slik utdanning  God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk, og evne til å kommunisera på engelsk  Erfaring som fasilitator/instruktør eller gjennomført fasilitatorkurs vil verta vektlagd  God kjennskap til akuttmedisin og den akuttmedisinske kjeda  Gode digitale ferdigheiter og evne til å ta i bruk nye system    Ved nytilsetjing skal den tilsette levera politiattest utan merknader, etter Helse og omsorgslova. Attesten skal ikkje leggjast ved søknaden. Tilsetjing føreset at gyldig attest vert lagd fram før tiltreding. Politiattesten må ikkje vera eldre enn 3 månadar.  Ber om at du lastar opp vitnemål og attestar saman med søknaden i Webcruiter. Personlege eigenskaparDu er en trygg og tydeleg leiar som skaper tillit og engasjement  Du er målretta, strukturert og har evne til å videreutvikla tenesta  Du er nytenkjande, tillitskapande og har gode samarbeidsevner  Du har evne til å prioritera og handla rett i akutte situasjonar  Du handterer samtidigheitskonfliktar på ein strukturert måte, og evnar å prioritera når mange omsyn må balanserast samstundes  Du har gode kliniske vurderingsevner  Du er trygg i kommunikasjon med pasientar, pårørande og innringjarar  Du er fleksibel og løysingsorientert noko som er naudsynleg innan akuttmedisin og beredskap  Det vert lagt stor vekt på desse personlege eigenskapane Vi tilbyrEin arbeidstad i utvikling Trivelege kollegaer i eit godt tverrfagleg arbeidsmiljø Varierte arbeidsoppgåver Løn etter avtale Gode pensjons- og forsikringsordningar Generell informasjon: Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.     KontaktinformasjonKari Svellingen Nygård, Leiar Kvam legevakt, +47 971 10 289 ArbeidsstadNedre Norheim 44 5600 Norheimsund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Kvam herad Referansenr.: 5198352496 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 08.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.