Konsulent lønn/ servicekontor
Stranda kommune
- Arbeidssted
- STRANDA, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 11. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du arbeide innanfor lønsområdet i ei kommune der du får varierte oppgåver, stor påverknad på eigen arbeidskvardag og eit nært samarbeid med kollegaer?
Frå 1. januar 2027 har vi ledig 60% fast stilling som konsulent innan lønnsområdet. Stillinga er ein del av kommunedirektøren sin stab innan fagområdet lønn. Vi kombinerer den faste stillinga med eit vikariat på Servicekontoret i 40%, slik at stillinga totalt sett er 100% ut 2027, med moglegheit for forlenging av vikariatdelen.
For rett kandidat kan det på sikt vere moglegheit for avansement til stilling som fagleiar på lønsområdet.
Kvifor velje Stranda?
Makspris på barnehageplass er sett til kr. 700 kroner per måned.
Bur du i kommunen og er i arbeid, kan du få sletta 25 000 kroner av studielånet ditt kvart år.
Eit variert næringsliv med høg sysselsetting gir gode moglegheiter også for partnar eller familie.
Gode barnehage- og skuletilbod, inkludert to vidaregåande skular.
Det største skisenteret på Nordvestlandet, flotte turmoglegheiter sommar og vinter, regionalt kulturhus og eit aktivt idretts- og foreiningsliv.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Tilsetting skjer etter gjeldande lover, reglement og tariffavtalar, herunder prøvetid og 2% pensjonsinnskot.
Vi gjer merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarliste. Søkjar vert varsla om dette vert gjort. Jf. offentleglova § 25.
Vitnemål og attestar skal scannast og leggast ved søknaden.
ArbeidsoppgåverI samarbeid med fagleiar løn får konsulenten ei sentral rolle i kommunen sitt arbeid med lønn og personaladministrasjon. Du vil samarbeide tett med leiarar og kollegaer i organisasjonen og bidra til at kommunen leverer korrekte og effektive lønnstenester.
Månadleg lønnskøyring, herunder førebuing og behandling av lønnsgrunnlag for fast og variabel lønn.
Rapporteringar innan lønnsområdet
Behandling av sjukelønn og refusjonar
Vedlikehald og vidareutvikling av Visma Enterprise HRM.
Andre oppgåver under området personal og lønn etter behov.
Arbeidsoppgåver knytt til servicekontoret vil i hovudsak vere sentralbord, postføring og andre administrative oppgåver
KvalifikasjonarRelevant utdanning på høgskulenivå
Erfaring med lønnskøyring og forståing av samanheng mellom lønn og rekneskap er ønskjeleg
God digital kompetanse og evne til å lære nye system
Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskaparVi ser etter deg som:
Arbeider sjølvstendig og strukturert.
Har god arbeidskapasitet
Er løysingsorientert og serviceinnstilt.
Har gode samarbeidsevner og ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.
Vi tilbyrVarierte, spanande og utviklande arbeidsoppgåver.
Eit godt arbeidsmiljø prega av respekt, openheit og omsorg.
Tett samarbeid og høg fagleg kompetanse
God opplæring og støtte frå erfarne kollegaer.
Ein arbeidsgjevar som legg vekt på trivsel, utvikling og meistring
KontaktinformasjonSølvi Ringset, Fagleiar løn, 46411017
Janet Alme, Personalsjef, +47 464 11 019
ArbeidsstadØyna 13
6200 Stranda
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Stranda kommune
Referansenr.: 5198542209
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 11.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.