Sjukepleiar
Sandøy omsorgsdistrikt, Ålesund kommune
- Arbeidssted
- ÅLESUND, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 16. okt. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 2
Stillingsdetaljer
Ålesund kommune ved Sandøy omsorgsdistrikt har ledig 2x100% fast stilling som sjukepleiar. Oppstart etter avtale. Arbeidsstad er sjukeheim og bemanna bufellesskap.
Sjukepleiestillingane er pt. innplassert i to og tre-delt arbeidsplan med arbeid kvar 3. helg. Tenestestad er Sandøytunet på Harøya i Ålesund kommune. Vi har rekrutteringstillegg for sjukpleiarar inkl. tiltak for bompenger Nordøyvegen. Sjukepleiar i omsorgsdistriktet har vaktsamarbeid, og ein får soleis erfaring frå både bufellesskap, sjukeheim og heimetenester. Sjukepleiarar bemannar også legevaktsatelitt etter gjennomgått kompetansehevande kurs. Alle helse og omsorgstenster er samlokaliserte i Sandøytunet på Harøya. Det er godt samarbeid med kommunal legetenester mellom anna med arbeid i tverrfagleg helseteam som har møter to gongar i veka for samarbeid om pasientar- for gode pasientforløp. Omsorgsdistriktet er eit lokalsamfunn med fleire øyar, Harøya og Finnøya har fastlandsforbindelse -Nordøyvegen.
Andre tilbod ein har i nærleiken til Sandøytunet er barnehage, barne og ungdomsskule, daglegvarebutikkar, bank og mange private bedrifter. Det er mange tilbod for fritida lokalt innan friluftsliv, idrett, treningssenter og kultur.
ArbeidsoppgåverSikre at bebuarar/pasientar får nødvendig helsehjelp og tenester av god kvalitet i tråd med gjeldande lover, avtalar og retningslinjer
Observasjon, kartlegging, iverksetting av tiltak og dokumentasjon i pasientjournal (Helseplattformen)
Legemiddelhandtering, medisinsk behandling og oppfølging
Rettleiing av pasientar, pårørande, kollegaer og studentar
Bidra til kvardagsmeistring og auka livskvalitet hos pasientar
Fremje godt tverrfagleg samarbeid med koordinerings- og tildelingskontor, lege, fysio- og ergoterapeut og anna helsepersonell
Samarbeide tett med pårørande og interne/eksterne aktørar
Bidra til utvikling, engasjement og fagleg oppdatering på arbeidsplassen
KvalifikasjonarAutorisasjon som sykepleiar
3. års sykepleiestudenter kan søke, men ansettes med forbehold om godkjent autorisasjon
Relevant erfaring er ein fordel
God munnleg og skriftleg framstillingsevne. Krav om norsk språkferdigheit tilsvarande B2 munnleg og skriftleg (Europarådet sin nivåskala - CEFR)
Beherske IKT-verktøy
Ved tilsetjing krevst politiattest, MRSA- og TBC-eigenerklæringar
Aktuelle kandidater må ha norsk personnummer eller gyldig D-nummer og formidle dette til arbeidsgiver i god tid før oppstart i jobben.
Det forutsettes at den som skal ansettes kan bekrefte sikker identitet i form av gyldig pass (internasjonalt) eller nasjonalt ID-kort (EU/EØS).
Det kreves også at personlig bankid eller idporten kan benyttes som alternativ innlogging mot ulike digitale løsninger ved behov (Helseplattformen, OTTO-app mm).
Førerkort klasse B
Personlege eigenskaparTrygg, tydeleg og engasjert, med fokus på beboeren
Løysingsorientert, fleksibel og glad i nye utfordringar
Et støttende og engasjert kollegialt miljø
Sjølvstendig og samarbeidsorientert
Bidrar til eit godt arbeidsmiljø
Nytenkande og endringsvillig
Personlege eigenskaper blir vektlagt
Vilje til å stå på for gode tenester
Vi tilbyrEin interessant arbeidskvardag med varierte og utfordrande oppgåver i eit godt arbeidsmiljø
Rekrutteringstillegg for sjukpleiarar inkl. tiltak for bompenger Nordøyvegen.
Fagleg påfyll og moglegheit for vidareutdanning etter virksomhetens behov
Løn og arbeidsvilkår etter gjeldande tariff
Pensjonsordning i henhold til tariff
Bedriftshelsetjeneste
IA bedrift
Gratis parkering
KontaktinformasjonRenate Finnøy, Verksemdsleiar Sandøy, 906 14 079, Renate.Finnoy@alesund.kommune.no
ArbeidsstadAustrevegen 15
6296 Harøy
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Ålesund kommune
Referansenr.: 5188102220
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 16.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.