Barne- og ungdomspsykiater til nyetablert tilbod for ungdom ved Regional sikkerheitsseksjon
Klinikk for sikkerheitspsykiatri, Helse Bergen HF
- Arbeidssted
- BERGEN, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 8. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du vere med å bygge opp eit helt nytt tilbod for ungdom med alvorlege psykiske lidingar og høg valdsrisiko?
Ved Regional sikkerheitsseksjon etablerer vi no eit nytt spesialisert tilbod for ungdom i Helse Vest. Vi søker ein engasjert barne- og ungdomspsykiater som ønsker å vere med å forme fagutviklinga, tenestetilbodet og behandlingskulturen frå starten av. Dette er ein sjeldan moglegheit til å kombinere klinisk arbeid med fagutvikling i eit felt der behovet for kunnskap og spesialisert behandling er stort.
RSA Ung Vest er under etablering og er planlagt å vere i drift frå januar 2027. Tilbodet skal gi utgreiing og behandling til ungdom med alvorlege psykiske lidingar og samansett problematikk, ofte kombinert med betydeleg valdsrisiko.
Eininga vil bestå av både døgnplassar og ambulante tenester, og skal betene heile Helse Vest i tett samarbeid med BUP-einingar, barnevernsinstitusjonar, kriminalomsorgen og øvrige spesialisthelsetenester.
Tilbodet er etablert som ein oppfølging av nasjonale anbefalingar om å utvikle sikkerheitspsykiatriske tenester for barn og unge på regionalt nivå, tilknytta dei regionale sikkerheitsavdelingane. Same tilbod byggast samtidig opp i Helse Midt og Helse Sør-Øst og det vil bli samarbeid nasjonalt. Helse Nord har inngått avtale med Helse Vest om at RSA Ung Vest vil betene deira opptaksområde for ein periode.
Om Klinikk sikkerheitspsykiatri
Regional sikkerheitsavdeling (RSA) er ein del av Klinikk sikkerheitspsykiatri, som er organisert under Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen. Klinikken består av seks seksjonar og tilbyr spesialiserte tenester innan sikkerheits-, fengsels- og rettspsykiatri. Klinikken er ein av landets leiande fagmiljø der forsking, undervising og fagutvikling er sentrale delar av verksemda. Dette gir unike moglegheiter for samarbeid, kompetanseutvikling og vidareutvikling av spesialiserte behandlingstilbod.
Vil du vere med og forme framtidas tilbod til ungdom med dei mest komplekse behandlingsbehova? Då vil vi gjerne høyre frå deg.
KvalifikasjonarFor å trivast med arbeidsoppgåver hos oss, ser vi etter deg som har følgande kvalifikasjonar:
Spesialist i barne- og ungdomspsykiatri (eller er i sluttfasen av LIS-utdanninga)
Kunnskap om valdsrisikovurdering og -handtering
Kunnskap om psykosetilstandar hos barn og unge
Kunnskap om personlegdomsproblematikk hos barn og unge
Kunnskap om nevroutviklingsforstyrringar og psykisk utviklingshemming
Erfaring frå klinisk forsking er ønskeleg
Krav om godkjend politiattest
Vi ber om at relevant dokumentasjon blir lagt ved søknaden.
Personlege eigenskaparKven er du?
Du er robust og har evne til å stå støtt i krevande situasjonar på jobb
Du er ein lagspelar som samarbeider godt på tvers av ulike fagmiljø, og bidrar aktivt til eit godt arbeidsmiljø
Du kommuniserer opent og respektfullt med både pasientar, pårørande og kollegaer, og legg vekt på å bygge tillitsfulle relasjonar
Du har eit brukar- og pasientfokus, og jobbar for å sikre gode pasientforløp og effektive arbeidsprosessar
Du er utviklingsorientert og ser moglegheiter i endring, spesielt i ein tid der vi utviklar tenestene våre
Du tar initiativ, trivst med å finne løysingar og handterer endringar på ein positiv og fleksibel måte
Du er både fagleg og personleg trygg, arbeider sjølvstendig og strukturert, og tar ansvar for eigne oppgåver
Du skapar tillit gjennom å vere ein aktiv lyttar, og er open for tilbakemeldingar og nye perspektiv
Du har eit ønske om fagleg utvikling, og tar ansvar for eigen læring og kompetanseheving
Du har førarkort klasse B
Du kan reise på kortare oppdrag i region Vest og Nord
Vi tilbyrHos oss får du:
Moglegheit til å bygge opp eit nytt fagmiljø frå grunnen av
Arbeid i skjeringspunktet mellom barne- og ungdomspsykiatri, sikkerheitspsykiatri og rettspsykiatri
Tett samarbeid med overlegar, psykologspesialistar og anna høgt kvalifiserte fagpersonar
Moglegheit til å påverke utviklinga av fremtidas behandlingstilbod for ein svært sårbar pasientgruppe
Gode moglegheiter for forsking, undervisning og fagutvikling
Høyrest dette ut som ei stilling for deg? Vi ser fram til å høyre frå deg.
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
KontaktinformasjonMarthe Halvorsen Kjærstad, Konst. klinikkleiar, 90936016, mrhr@helse-bergen.no
ArbeidsstadSandviksleitet 1
5036 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5195548484
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 08.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.