Norsk Målundom søkjer skrivar/dagleg leiar
Norsk Målungdom
- Arbeidssted
- OSLO
- Publisert
- Søknadsfrist
- 22. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Hovudoppgåver
Som skrivar vil hovudoppgåvene dine vere det administrative i organisasjonen, mellom anna det daglege økonomiarbeidet, og arbeid med medlemene våre og lokallaga. Du vil òg arbeide mykje med dei sosiale media våre og nettbutikken vår.
Du vil i hovudsak arbeide tett med leiar og sentralstyret på kontoret i Oslo. Kjennskap til rekneskapsarbeid, er eit pluss, men ikkje eit krav for stillinga. Det kan bli aktuelt med noko reising.
Arbeidsspråket er nynorsk.
Vi søkjer deg som:
har røynsle med administrativt organisasjonsarbeid
jobbar sjølvstendig og er løysingsorientert
samarbeider godt, er ein god lagspelar og vil bidra til eit godt arbeidsmiljø
er kreativ og ikkje redd for å dele idear
har høg arbeidskapasitet
Vi kan tilby:
godt arbeidsmiljø og varierte arbeidsoppgåver
fleksibel arbeidstid og ein kontorplass i Oslo sentrum
opplæring i aktuelle arbeidsoppgåver
pensjonssparing og felles lunsjordning
verdas beste sak!
Vi oppmodar deg som er under 26 år til å søke, men vi vurderer alle søknader.
Stillinga er 100 prosent.
I søknaden kan du skrive litt om deg sjølv, bakgrunnen din og kva tankar du gjer deg om jobben. Legg ved CV.
Søknadsfristen for stillinga er 22. november, aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju fortløpande. Ønskt arbeidsstart er desember 2026.
Send søknad og CV til norsk@malungdom.no
Vi gler oss til å høyre frå deg!
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.