Helgestilling Sveio omsorgssenter
Sveio kommune
- Arbeidssted
- SVEIO, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 23. nov. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Om stillingaVi søkjer etter ny kollega til Sveio omsorgssenter.
Stillinga er ei fast helgestilling på ca 17 prosent, med arbeid kvar tredje helg.
Me er ein kommune som driv etter LEAN/KF-prinsipp, kor me jobbar for å bli litt betre kvar
dag. PLO er no inne i ein prosess der me ser på korleis me som kommune kan gjere
morgondagens helse- og omsorgstenester betre for dei som mottar tenester.
Omsorgssenteret er prega av eit godt miljø, godt samarbeid, fagleg fokus og mykje godt
humør. Me er ei samla arbeidsgruppe som brenn for å yte fagleg gode tenester til
brukarane våre. Dei siste åra er fleire av sjukehusets oppgåver blitt overført til kommunen.
Dette resulterer i ein spennande arbeidskvardag, fylt med prosedyrar og utfordringar.
Me tek godt imot nytilsette, og du skal få ei god opplæring. Er du nyutdanna, legg me til rette
for ein god oppstart. Me er opptatt av at du trivst og kjenner deg trygg i eininga.
Sveio omsorgssenter har tre avdelingar med til saman 41 plassar:
Vestbakken: Lindrande, korttid, rullerande og rehabilitering.
Utsikten: Somatisk avdeling og demensgruppe.
Sørbakken: Demensavdeling.
Ved alle avdelingane er det per dags dato langtidsplassar.
Helgestillinga passar godt for deg som ønskjer ein fast og føreseieleg arbeidsrytme ved
sida av studiar eller anna arbeid.
Sjå gjerne på Instagramkontoen vår, #SveioOmsorgsenter, med flotte bilete av kvardagen
hjå oss.
Arbeidsoppgåverpersonleg stell og pleie
måltidssituasjonar
dokumentasjon og rapportering
sjølvstendige oppgåver og tverrfagleg samarbeid
bygge gode og hensiktsmessige relasjonar til pasientar og pårørande
aktiv deltaking i å skape eit godt arbeidsmiljø
andre førefallande oppgåver
Kvalifikasjonarautorisasjon som helsefagarbeidar
sjukepleiarstudent
assistent
må levere tilfredsstillande politiattest etter gjeldande lovverk
Personlege eigenskaparfleksibel og løysingsorientert
tek initiativ og kan arbeide sjølvstendig
gode samarbeidsevner
påliteleg og tek ansvar for vakter og oppgåver
set fag, kvalitet og service høgt
bidreg til eit positivt arbeidsmiljø
Vi tilbyrfast helgestilling på ca. 17%
arbeid kvar tredje helg
årsturnus
me finn løysingar som fungerer både for deg og for avdelinga
fagleg og personleg utvikling
dyktige og inkluderande kollegaer
sosiale arrangement og godt arbeidsmiljø
god offentleg pensjonsordning
tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
lønsvilkår: Etter gjeldande lov- og avtaleverk
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.