Assistent
Føde Ålesund, Helse Møre og Romsdal HF
- Arbeidssted
- ÅLESUND, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 1. okt. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Annet
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vi søkjer ein fleksibel, ansvarsbevisst og påliteleg medarbeidar som kan arbeide som tilkallingsvikar ved behov. Det kan i periodar vere aktuelt å tilby enkelte planlagde vakter, inkludert helgevakter, men stillinga gir ikkje rett til fast arbeid eller fast turnus.
Stillinga kan vere særleg aktuell for sjukepleiarstudentar (1. året), eller andre over 18 år som ønskjer erfaring frå spesialisthelsetenesta.
Det er ønskjeleg at den som blir tilsett også kan vikariere for seksjonen sin faste assistent under ferieavvikling sommaren 2027.
Fødeavdelinga ved Ålesund sjukehus tilbyr trygge og omsorgsfulle tenester til fødande og nyfødte. Vi har eit tverrfagleg miljø med høg fagleg kompetanse og fokus på kvalitet, tryggleik og pasientomsorg.
Som assistent vil du vere ein viktig del av støtteapparatet som bidreg til god flyt og hygiene i avdelinga.
Høyrest dette ut som noko for deg? Då håpar vi du søkjer – vi gler oss til å høyre frå deg!
ArbeidsoppgåverRydding, reinhald og klargjering av fødestover, inkludert desinfisering og påfyll av nødvendige artiklar
Skylleromsarbeid med vask av utstyr, sortering av avfall og skittentøy, og ivaretaking av hygiene
Orden og reinhald i matsal, inkludert rydding, påfyll og ivaretaking av hygiene og trivsel
Dagleg reinhald i avdelinga, inkludert vask av fellesareal, støvtørking, avfallshandtering og påfyll av forbruksartiklar
Transport og klargjering av sengar, samt samarbeid med reinhaldspersonell og portørar
Førefallande oppgåver som varehenting, intern pasientflytting og støtte til god logistikk og flyt i avdelinga
KvalifikasjonarErfaring frå reinhald er ein fordel, men ikkje eit krav
Helsefaglege studentar er velkomne til å søke
Søkar må vere over 18 år
Gode samarbeidsevner og evne til å arbeide sjølvstendig
Serviceinnstilt, nøyaktig og påliteleg
God forståing for hygiene og smittevernrutinar
Personlege eigenskaparDu trivast med praktiske arbeidsoppgåver og likar å bidra der det trengs
Du er fleksibel og kan handtere ein variert arbeidskvardag
Du tek ansvar og viser initiativ
Du bidreg til eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
Personleg eignaheit vert vektlagd ved tilsetting
Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeid
Ein inkluderande arbeidsplass
Løn etter gjeldande overeinskomstar
Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Vi ber om at attestar og vitnemål vert scanna og lasta opp som vedlegg til din CV.
Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyer og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir om Ålesund og omland her.
KontaktinformasjonMarianne Bakken Omvik, Seksjonsleiar, +47 70105921, Marianne.Bakken.Omvik@helse-mr.no
ArbeidsstadÅsehaugen 5
6017 Ålesund
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF
Referansenr.: 5171935418
Stillingsprosent: 0%
Tilkalling/Timebasis
Søknadsfrist: 01.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.