Verksemdsleiar - 100% fast
Edland barnehage, Vinje kommune
- Arbeidssted
- VINJE, EDLAND, TELEMARK
- Publisert
- Søknadsfrist
- 6. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
ME SØKJER ETTER EIN VERKSEMDSLEIAR/STYRAR SOM ER GOD MED MENNESKE OG SOM VIL VIDAREUTVIKLE FRAMTIDAS BARNEHAGE!
Vil du leie ein barnehage der glede, leik og fellesskap står sterkt, samstundes som du får bruke heile breidda av leiarkompetansen din?
I Edland barnehage er kvardagen fylt med humor, kreativitet og gode opplevingar. Her møter du 14 engasjerte medarbeidarar, 36 nysgjerrige barn og eit lokalsamfunn som bryr seg om barnehagen sin.
Lokalkulturen lever vidare gjennom små og store kvardagsstunder, der naturen er ein viktig arena for leik, læring og utforsking. Leiken står i hjartet av det me gjer.
Hos oss får barna utforske naturen året rundt, bli kjende med lokale tradisjonar og skape gode møte med eldre på tvers av generasjonar.
Som styrar blir du ein viktig pådrivar for eit inkluderande og utviklingsorientert barnehagemiljø. Du får vere med på å forme ein stad å vekse upp der natur, kultur, omsorg og fellesskap går hand i hand.
Samtidig veit me at leiing ikkje berre handlar om dei gode dagane. Som styrar må du kunne stå støtt når forventningar skal handterast, ulike behov møtest og utfordringar oppstår. Du må evne å skape retning, ta avgjerder og samle medarbeidarar rundt felles mål, også når kvardagen blir krevjande.
Til gjengjeld får du moglegheita til å gjere ein forskjell.
For barna.
For medarbeidarane.
For lokalsamfunnet.
Me søkjer ein leiar som ser menneske, byggjer tillit og har mot til å stå i både gleder og utfordringar saman med oss.
Det er ei moglegheit til å forme framtida - Vinje kommune sin visjon er: Vinje utfordrar framtida!
ArbeidsoppgåverSom verksemdsleiar har du det overordna ansvaret for den daglege drifta og utviklinga av barnehagen. Du leier det pedagogiske arbeidet, utviklar medarbeidarar og sikrar at barnehagen er ein trygg, attraktiv og lærande arena for barn, føresette og tilsette.
Arbeidsoppgåver:
Leie og utvikle barnehagen i tråd med lover, rammeplan og kommunen sine mål.
Ha ansvar for pedagogisk kvalitet, personalleiing og kompetanseutvikling.
Sikre eit trygt, inkluderande og utviklande barnehagemiljø for alle barn
Byggje gode relasjonar og samarbeid med føresette, tilsette og samarbeidspartnarar.
Ha ansvar for økonomi, drift, HMS og forsvarleg ressursforvaltning.
Bidra til utvikling og synleggjering av barnehagen og oppvekstsektoren i Vinje kommune.
KvalifikasjonarGodkjend barnehagelærarutdanning eller annan relevant høgare utdanning som oppfyller krava i barnehagelova.
Leiarutdanning og erfaring frå barnehage er ynskjeleg.
Erfaring med personalleiing, økonomi, utviklingsarbeid og samarbeid med føresette og samarbeidspartnarar er ein fordel.
God kjennskap til barnehagelova, rammeplanen og offentleg forvaltning.
God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk
Tilsetting skjer på dei vilkår som går fram av gjeldande lover, reglement og tariffavtalar. Den som blir tilsett må leggje fram tilfredsstillande politiattest i samsvar med barnehagelova § 30 før tiltreding.
Personlege eigenskaparTrygg og tydeleg leiar som skapar tillit og retning.
Relasjonsbyggjar med gode samarbeidsevner.
Engasjert og utviklingsorientert, med evne til å motivere andre.
Strukturert og ansvarsbevisst, med god gjennomføringsevne.
Inkluderande og løysingsorientert i møte med menneske og utfordringar.
Me legg vekt på personlege eigenskapar ved tilsetjing.
Vi tilbyrEi spennande leiarstilling med stort handlingsrom og moglegheit til å påverke utviklinga av barnehagen.
Dyktige og engasjerte medarbeidarar som er opptekne av å skape ein god kvardag for barna.
Eit sterkt fagmiljø med tett samarbeid mellom barnehagane i kommunen.
Moglegheiter for kompetanseutvikling og leiarfagleg utvikling.
Løn etter lokal avlønning kr 922000.
Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
Ein arbeidsplass i naturskjønne omgjevnader med gode høve for friluftsliv og ein aktiv livsstil.
God forsikrings- og pensjonsordning
Aktivitetskortordning
I samsvar med offentleglova § 25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
For stillingar der det er krav om politiattest, må godkjend attest leggast fram før tilsetting.
I Vinje kommune er det offisielle styringsmålet nynorsk.
Vinje kommune er oppteken av mangfald, og ynskjer at tilsette i kommunen reflekterer mangfaldet i lokalsamfunnet. Me oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje uansett alder, kjønn, funksjonsevne eller kulturell bakgrunn.
Bur du i Vinje kommune kan du søkje om å få sletta studielånet, les meir på lanekassen.no.
KontaktinformasjonJan Myrekrok, Kommunedirektør
ArbeidsstadStoregutvegen 50
3895 Edland
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vinje kommune
Referansenr.: 5199072098
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.