Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Sjukepleiar

Dagpost og Kirurgisk sengepost A, Helse Møre og Romsdal HF

Arbeidssted
ÅLESUND, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
22. okt. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vi har ledig ei kombinert 65 % fast stilling. Dette er ei kombinert stilling der ein jobbar 20% ved Dagposten, og 45% på Kirurgisk sengepost A. Vi har også ledig vikariat på 30 %, så det er mogleg å auke stillinga ved Dagposten. Vikariatet er i første omgang til 1/2-27.  Stillingane på Dagposten inneber arbeid på dagtid, kveld og også moglegheiter for langvakter. Dagposten har opent frå 07:00-21:15 måndag -fredag.  Stillingane på Kirurgen A er i turnus med arbeid kvar 3. helg, eller kvar 4. helg dersom ein ønskjer langvakter.  Oppstart 01.11.2026, eller etter avtale.  Dagposten  høyrer til under Avdeling for kirurgi ved Ålesund sjukehus. Vi tek imot all elektiv kirurgi som skal opereres på hovedoperasjon. Vi klargjer pasientene , og sender dei til operasjon. Dei som skal leggjast inn på sengepost går videre til Kirurgen A eller B etter operasjon.  Dei som er dagkirurgiske pasientar skal tilbake til Dagposten til observasjon før utskriving. Dagposten opna 5/1-26, så du kan her vere med å utforme ei ny og spennande avdeling. Her er omsorgsfulle og engasjerte kollegaer som har fokus på best mogeleg pasientbehandling. Dette er ein arbeidsplass med tidvis høgt tempo og spanande utfordringar, der vi alle jobbar saman for at pasienten skal få ei god oppleving av opphaldet på sjukehuset. Arbeidsglede og godt samhald pregar i stor grad arbeidsmiljøet i seksjonen.   Kirurgisk sengepost A er ein sengepost med 26 sengeplassar. Vi har pasientar innan fagfelta Kar/Thorax, Ortopedi, ØNH, Auge, Revmatologi og Odontologi. Vi jobbar i spennande fagfelt og har mange engasjerte tilsette. Vi er ein sengepost med fokus på fag, og vi ønskjer å vere langt framme innanfor våre fagområde. Med fokus på fagleg utvikling og eit dynamisk arbeidsmiljø, er dette ei ypperlig moglegheit for deg som ønskjer å utvikle dine ferdigheiter og få erfaring innan desse spesialfelta. Du er velkomen som søkjar til ein meiningsfylt arbeidsdag! Ved intern tilsetting kan andre stillingar bli ledige. ArbeidsoppgåverPre- og postoperativ sjukepleie til alle dei aktuelle pasientgruppene  Ø-hjelps funksjon for alle pasientgrupper, inkludert polikliniske konsultasjonar    Observasjon og behandling av lettare traumar  Sjukepleieprosedyrer  Legemiddelhandtering  Sjukepleieadministrative og koordinerande oppgåver  Rettleiing av studentar og kollegaer  Kontinuerleg forbetringsarbeid KvalifikasjonarNorsk autorisasjon som sjukepleiar . Må meistre norsk skriftleg og munnleg  Erfaring frå somatikk i sjukehus vert lagt vekt på  Personlege eigenskaparDu er serviceinnstilt, pasientorientert og fleksibel.  Personlege eigenskapar og fagleg engasjement vert lagt vekt på ved tilsetting Du trivast i eit miljø med høg aktivitet  Du bidreg til å ivareta eit alt etablert godt psykososialt arbeidsmiljø  Du er sjølvstendig og ansvarsbevisst, og liker varierte utfordringa.  Du har evne til å arbeide i team og samarbeide med andre profesjoner.  Å vere personleg eigna vert vektlagt ved tilsetting. Vi tilbyrSterkt tverrfagleg samarbeid Ein inkluderande arbeidsplass Løn etter gjeldande overeinskomstar Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din. Ålesund er kåra til den vakraste byen i Norge. Ålesund sin vakre Jugendstilarkitektur er viden kjent. Eit mangfald av tårn, spir og vakre utsmykkingar er som teken ut av eit eventyr. Byen og omlandet har eit særs rikt kultur- og konsertliv med nasjonale og internasjonale artistar. Du kan og oppleve eit mangfold av fjordar, øyar og fjell som ventar på å få begeistre deg. Les meir her! KontaktinformasjonTone Torvik Akslen, Seksjonsleiar, Dagposten, +47 90531460, Tone.Torvik.Akslen@helse-mr.no Andre Giskegjerde Høybakk, Seksjonsleiar, Kirurgisk sengepost A, +47 70105817, andre.giskegjerde.hoybakk@helse-mr.no ArbeidsstadÅsehaugen 5 6017 Ålesund Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HF Referansenr.: 5182186459 Stillingsprosent: 65% Fast Søknadsfrist: 22.10.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.