Vikariat rådgjevar
Bufetat
- Arbeidssted
- BERGEN, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 8. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Om stillinga og arbeidsstadenVi har ledig eit vikariat som rådgjevar i 100 % stilling i Eining for inntak, avdeling Vestland. Stillinga er ledig frå no, og er lokalisert i Bergen. Vikariatet varer til 01.08.2027, med moglegheit for forlenging.
Eining for inntak skal formidle ulike barnevernstiltak til barn og unge i ein sårbar livssituasjon til kommunane i regionen. Tiltaka kan vere både kortvarige og meir langvarige.
Arbeidsoppgåvene omfattar råd og rettleiing, kartlegging, val av tiltak, oppfølging av barn og unge i tiltak, samt å betjene ei døgnkontinuerleg telefonordning for akuttarbeid.
Eininga har to avdelingar, i Vestland og Stavanger. Avdeling Vestland har per i dag 21 tilsette.
Rådgjevarane i eininga får bistand frå Nasjonal eining for inntaksstøtte (EIS) og Nasjonalt inntak for rus- og åtferdsplasseringar (NABE). Stillinga inneber noko reiseverksemd både innanfor eigen region og til andre regionar.
ArbeidsoppgåverVed førespurnad frå kommunane skal du gi råd, rettleiing og bistand i enkeltsaker, både i akutte saker og i saker med behov for meir langvarige plasseringsløysingar.
Du skal ta imot og saksbehandle ulike tilvisingar frå kommunane.
Du skal gjere fagleg forsvarlege vurderingar av eigna tiltak som samsvarar med tilvisinga frå kommunen.
Du skal dokumentere alle delar av arbeidet.
Du skal sikre oppfølging av plasseringar i barnevernstiltak.
Du skal delta i samarbeidsmøte med andre einingar, kommunar og instansar.
Du kan bli ein del av bakvaktsordninga til det statlege barnevernet for akuttjenester.
Kva bakgrunn har du? Må-krav
Relevant utdanning frå universitet eller høgskule på bachelornivå, fortrinnsvis innan barnevernsfag eller sosialfag.
Minimum to års arbeidserfaring frå barnevernsarbeid.
Kompetanse innan lovverk, avtaleverk og forvaltning på fagfeltet.
Gyldig førarkort klasse B.
Gode skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk.
Bør-krav
Det er ønskjeleg med vidareutdanning eller mastergrad innan barnevern eller psykisk helse.
Gode IKT-kunnskapar.
Det er ønskjeleg med barnevernfagleg forvaltningspraksis.
Personlege eigenskaperDu er sjølvstendig og trygg i arbeidsutføringa di.
Du har evne til å leie arbeidsprosessar og arbeider med høg grad av sjølvstende.
Du har stor arbeidskapasitet og god gjennomføringsevne.
Du har godt humør og bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
For oss er det særleg viktig korleis du som person eignar deg for stillinga. Dette vil bli vektlagt i den samla vurderinga.
Kva får du hos oss?Hos oss vil du bli ein del av eit spennande arbeidsmiljø som er oppteke av å vedlikehalde og vidareutvikle kompetanse.
Stillinga er plassert i Statens lønsregulativ i stillingskode 1434 som rådgjevar, for tida kr 620 000–710 000 per år eller 1364 seniorrådgjevar , for tida 650 000 - 760 000,-.
Medlemskap i Statens pensjonskasse med gode låne-, pensjons- og forsikringsordningar (http://spk.no).
Frå løna blir det trekt 2 % pensjonsinnskot.
Opplysningar til deg som søkerVi søkjer etter dei beste kandidatane uavhengig av kulturell bakgrunn, alder, hol i CV-en eller funksjonsevne, og oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søkje jobb hos oss.
Stillinga er for tida lagd til Eining for inntak.
Vi gjennomfører bakgrunnssjekk av aktuelle kandidatar.
Politiattest må leggjast fram ved tilsetjing, jf. barnevernslova § 12-11 andre ledd , og forskrift om politiattest § 7. Attesten skal ikkje leggjast ved søknaden.
Du kan be om ikkje å bli oppført på den offentlege søkjarlista. Dette må i så fall grunngjevast. Vi kontaktar deg dersom ønsket ditt ikkje blir teke til følgje.
Prøvetid i samsvar med statsansattelova.
Opplever du tekniske utfordringar når du fyller ut søknaden, tilrår vi at du tek kontakt med teknisk support hos Grade Jobbnorge.
Kva skal søknaden din innehalde?For å bli vurdert som søkjar må du fylle ut felta for utdanning og arbeidserfaring, og leggje ved relevante vitnemål og attestar med stadfesta stillingsstorleik.
Vitnemål for utdanning teken i Noreg skal lastast opp frå Vitnemålsportalen.
Har du utdanning frå utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ber deg om å legge inn kopi av fysisk førarkort, samt skjermbilde av kontrollbildet på digitalt førarkort, eller skjermbilde av førarkortstatus på vegvesenet.no
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.