Tannhelsesekretær ved spesialistklinikken på TkVestland
IDI - Vestland tannhelseteneste, Vestland fylkeskommune
- Arbeidssted
- BERGEN, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 18. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 2
Stillingsdetaljer
Har du lyst til å bli del av eit stort og spennande fagmiljø? Då er TkVestland noko for deg!
Vi har no to ledige stillinger som tannhelsesekretær:
100 % vikariat stilling ut juni 2028
100% fast stilling
TK Vestland er eitt av fem regionale kompetansesenter i Noreg, og vi tilbyr spesialisttannhelsetenester til befolkninga i Vestland. Praksisnær forsking er høgt prioritert hos oss, og eit sentralt mål er at resultata skal kome både tannhelsetenesta og pasientane til gode.
Vi utfører undersøking og behandling av pasientar som er tilvist frå offentlege og private tannklinikkar. I tillegg driv vi utadretta verksemd gjennom rådgjeving, kurs og hospitering for tannhelsepersonell.
Spesialistklinikken ved TK Vestland i Årstadveien 19 har 11 moderne behandlingsrom, og vi har òg ein klinikk ved Haukeland sjukehus. Totalt er vi rundt 40 tilsette, med spesialistar innan alle odontologiske fagområde.
ArbeidsoppgåverSom tannhelsesekretær hos oss vil du mellom anna:
utføre klinisk assistanse ved spesialist tannbehandling
utføre røntgentaking, både intraoral og OPG
ha ansvar for oppdekking, etterfylling av instrument og materialer
ha ansvar for reinhald, sterilisering og vedlikehald av utstyr
halde deg fagleg oppdatert og følgje gjeldande lover, retningsliner og rutiner
jobbe med ulike administrative oppgåver knytta til pasientbehandling og drift på klinikken
delta i HMS-arbeid og kvalitetsutvikling
delta i bemanninga av resepsjonen
Kvalifikasjonardu har norsk autorisasjon som tannhelsesekretær
du må kunne bruke norsk som arbeidsspråk, både skriftleg og munnleg
det er ønskjeleg at du har klinisk erfaring, gjerne frå offentleg tannhelseteneste eller frå eit tannlegespesialist fagfelt
god kjennskap til bruk av journalsystemet Opus
du som blir tilsett må ha godkjend politiattest.
Personlege eigenskaparVi ser etter deg som
trivst med å jobbe med menneske og set pasienten først
kommuniserer godt og bygger gode relasjonar – både med pasientar, pårørande, kollegaer og samarbeidspartar
kan arbeide sjølvstendig, strukturert og meistrar travle dagar
er positiv og serviceinnstilt
bidreg til eit godt arbeidsmiljø på klinikken
har interesse for fagleg utvikling – og deler kunnskapen din med andre
trivst i ein arbeidskvardag med høgt tempo og skiftande prioriteringar
Vi tilbyrein meiningsfull, samfunnsnyttig og variert arbeidskvardag med pasientar i alle aldrar og pasientgruppar
ei spanande stilling i eit arbeidsmiljø med høg fagleg kompetanse
løn etter gjeldande tariff
gode offentlege pensjons- og forsikringsordningar.
KontaktinformasjonMarita Bjørkelund, Fung. klinikkleiar, 97592838, Marita.Bjorkelund@vlfk.no
ArbeidsstadÅrstadveien 19
5009 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommune
Referansenr.: 5191782087
Stillingsprosent: 100%
Vikar, Fast
Søknadsfrist: 18.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.