Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

SFO-leiar

Klepp kommune, Kleppe skule

Arbeidssted
KLEPP, KLEPPE, ROGALAND
Publisert
Søknadsfrist
3. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vil du vere med på å vidareutvikle ein god og veldreven SFO og sikre god samanheng mellom SFO og skule? Vi har ledig 100% fast SFO-leiarstilling ved Kleppe skule. Kleppe skule er ein barneskule sentralt i Klepp kommune med rundt 450 elevar der 162 barn nyttar SFO. Vi har eit stort, godt uteområde og gode lokaler med blant anna aula og kantine. SFO nyttar nærområdet vårt i stor grad, vi har skog, leikeplassar, Plogenparken, symjehall og andre idrettsanlegg i gåavstand frå skulen. Vi har eit flott personal med mykje kompetanse og eit godt arbeidsmiljø. Saman arbeider vi for å skape ein skulekvardag der elevane opplever meistring og lærelyst i eit trygt og godt miljø. Vi er på jakt etter deg som ønsker å få jobbe med leiing i eit spennande og utviklande miljø og er oppteken av å skape eit godt fritidstilbod for alle barn. Kanskje du er den rette for oss? ArbeidsoppgåverAnsvar for dagleg drift Sørge for god struktur og gode planar for aktivitetar og bemanning Drive utviklingsarbeid knytta opp mot Nasjonal rammeplan for SFO Personalansvar for tilsette i SFO Delta aktivt i arbeid med barn i SFO si åpningstid Samarbeide med personalet i skuledelen og med aktuelle kommunale instansar Bidra i overgangsarbeid frå barnehage til skule og SFO Elevoppfølging og kontakt med heimane Vere ein del av skulen si leiargruppe Delta i vårt kommunale SFO-leiarnettverk Bestilling og innkjøp KvalifikasjonarRelevant pedagogisk 3-årig høgskuleutdanning Erfaring frå arbeid med barn og unge Leiarerfaring og leiarutdanning er ønskeleg Gode norskkunnskaper Personlege eigenskapar vil bli vektlagt I tråd med opplæringslova er tilfredsstillande politiattest ei forutsetning før tilsetjing Personlege eigenskaparStrukturert og sjølvstendig Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner Eit inkluderande elevsyn Positiv, fleksibel og stå-på-vilje Initiativrik og nytenkjande Godt humør Vi tilbyrEit godt arbeidsmiljø i lag med dyktige kollegaer Lønn etter gjeldande avtaleverk og pensjonsordning i KLP Klepp kommune har gode velferdsordningar og pensjons- og forsikringsordningar Tilsetjing skjer forøvrig på dei vilkår og med dei plikter som kjem fram i utlysinga, og dei til ei kvar tid gjeldande lover, reglar og tariffavtaler. KontaktinformasjonSylvia Gjersdal, Rektor, +47 92839767 ArbeidsstadViervegen 10 4351 Sandholen Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Klepp kommune Referansenr.: 5197202674 Stillingsprosent: 100% Fast Søknadsfrist: 03.11.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.