Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Barne- og ungdomsarbeidar / helsefagarbeidar - vikariat 

Giske kommune, Godøy skule og SFO

Arbeidssted
GISKE, GODØYA, MØRE OG ROMSDAL
Publisert
Søknadsfrist
18. sep. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Vi har ledig eit vikariat i 80-100 % stilling som barne- og ungdomsarbeidar / helsefagarbeidar ved Godøy skule og SFO. Vikariatet er ledig frå snarast og gjeld fram til skuleslutt i juni 2027. Stillinga følgjer hovudsakleg skuleruta (arbeidsåret for eit heilt skuleår er 37,5 t/v i 39 veker med avkorta løn til 89 % i full stilling). Godøy skule er ein 1 – 7 skule med 126 elevar. Rundt 50 av desse går på SFO. Visjonen vår er «Trygt forankra strekk vi oss ut». Vi er opptekne av at vi skal bidra til å gjere elevane trygt forankra i seg sjølv, skulemiljøet og lokalmiljøet, og kunne vere ein aktiv medspelar som blir rekna med.  Satsingsområdet for oppvekst i Giske kommune er inkluderande praksis, som handlar om å tilpasse læringsmiljøet til mangfaldet av barn. Vi ønsker å gi alle ei reel mogelegheit til å vere deltakar i det faglege og sosiale fellesskapet. I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt. Det er krav om politiattest av ny dato. Dokumentasjon på utdanning og praksis skal sendast i lag med søknaden. ArbeidsoppgåverLeike, lære og utforske i lag med barn, både ute og inne. Ta initiativ til og ansvar for ulike vaksenstyrte aktivitetar og støtte barn til godt samspel og leik. Samarbeide tett og godt med barn, foresatte og kollegaer. Støtte og hjelpe elevar med ulike behov for meistring av skulekvardagen. Hjelpe til med praktiske oppgåver i samband med skulekvardagen. KvalifikasjonarVi ønsker søkjarar med fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, helsefagarbeidar eller anna utdanning med pedagogikk, men andre med anna relevant utdanning eller erfaring kan også søkje. Det er ein fordel med erfaring frå liknande arbeid. Kunne bygge gode, trygge relasjonar og kunne stå i det òg når ein vert utfordra. Kunne kommunisere klart og tydeleg på ein måte som etablerer god dialog. Vere trygg i konflikthandtering. Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg. God digital kompetanse.  Personlege eigenskaparEvne til å skape gode relasjonar til barn, føresette og medarbeidarar. Tydeleg og omsorgsfull vaksen. Evne og vilje til å møte barnet der det er og ha barnet sitt beste i fokus. Initiativrik, løysingsorientert, fleksibel og ansvarsbevisst. Gode samarbeidsevne med barn og vaksne.  Vi tilbyrLøn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår. Eit godt arbeidsmiljø med gode og støttande kollegaer. KontaktinformasjonKristine P. Walderhaug, konst. rektor, +47 98606404 ArbeidsstadGøymyrane 122 6055 Godøya Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Giske kommune Referansenr.: 5175488646 Stillingsprosent: 100% Vikar Søknadsfrist: 18.09.2026
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.