Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Lærling energioperatør

SFE AS

Arbeidssted
BREMANGER, ÅLFOTEN, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
3. jan. 2027
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Lærling
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

SFE er ein av dei største produsentane av fornybar energi på Vestlandet. Kvar dag jobbar vi for å sikre trygg og stabil kraftproduksjon frå våre vind- og vasskraftverk, og vi treng dyktige fagfolk også i framtida. Vi er godkjend lærebedrift innan energioperatørfaget og tek kvart år inn nye lærlingar ved kraftverka våre. No søkjer vi deg som ønskjer ei spennande læretid i ei framtidsretta næring. Kva jobbar ein energioperatør med? Som energioperatør er du med på å overvake, drifte, vedlikehalde og utvikle anlegg som produserer fornybar energi. Du får arbeide med avansert teknologi, mekaniske og elektriske installasjonar, feilsøking og vedlikehald av kraftverk og tekniske anlegg. Gjennom læretida får du varierte arbeidsoppgåver ute i anlegga våre i tett samarbeid med erfarne fagarbeidarar og ingeniørar. Som lærling i SFE får du opplæring i tråd med læreplanen for energioperatørfaget tett oppfølging frå fagleg leiar og instruktørar erfaring frå drift, vedlikehald og prosjekt i våre kraftverk arbeide med moderne teknologi og kritisk infrastruktur vere ein del av eit godt og inkluderande arbeidsmiljø gode velferdsordningar Vi ser etter deg som er nysgjerrig og har interesse for teknologi og energi, likar praktisk arbeid og å bruke både hovud og hender, er løysingsorientert og ansvarsbevisst, samarbeider godt med andre, og som sjølvsagt har eit stort fokus på tryggleik og ønskjer å bidra til eit godt HMS-miljø Kvifor velje SFE? I SFE får du jobbe med straumproduksjon - som er avgjerande for samfunnet vi lev i. Arbeidet du gjer som lærling er ein viktig del av verdikjeda. Vi er stolte av det gode arbeidsmiljøet vårt, det sterke fokuset på HMS og den faglege kompetansen i organisasjonen. Hos oss blir du teken på alvor, får ansvar undervegs og gode moglegheiter til utvikling. Som lærling i energioperatørfaget kan du ha oppmøtestad i Ålfoten eller i Svelgen, begge i Bremanger kommune. Vil du starte karrieren din i fornybarnæringa? Då håpar vi å høyre frå deg. For spørsmål ta kontakt med leiar kraftverksdrift Jens Gule på telefon 913 50 826.
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.