Fysioterapeut
Volda kommune, Helse og forvalting
- Arbeidssted
- VOLDA, MØRE OG ROMSDAL
- Publisert
- Søknadsfrist
- 27. sep. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vi søkjer etter deg som er ein fagleg dyktig fysioterapeut som ynskjer å bruke kunnskap og kompetanse til det beste for kommunen sine innbyggarar.
Stillinga er knytt til seksjon førebygging og rehabilitering, og er organisert under avdeling helse og forvaltning i helse og omsorgssektoren. I seksjonen finn du fastløna fysioterapeutar, ergoterapeutar, fagutviklingssjukepleiar og avtalefysioterapeutar.
Ein del av stillinga som er utlyst er knytta til rehabiliteringspasientar på korttidsavdelinga, men stillinga vil også innehalde kurative, helsefremmande og førebyggande oppgåver. Vi søker difor etter ein fysioterapeut med brei fagleg kompetanse, spesiell interesse og engasjement innan rehabiliteringsfeltet og som gjerne har erfaring frå og ønske om å drive gruppebehandling.
Kommunen er oppteken av å stå sterkt rusta for å møte både dagens og morgondagens utfordringar. Førebygging, rehabilitering, meistringsfokus og tidleg innsats er sentralt i tenesteutviklinga. Vi ynskjer ein fysioterapeut som vektlegg dette.
Arbeidsoppgåverrehabilitering av pasientar på korttidsavdelinga, og i overgong heim
behandling individuelt og i grupper
råd og rettleiing av pasientar, pårørande, kollegaer og andre samarbeidspartar.
deltaking i ulike samarbeidsfora/møter
bidragsytar i det førebyggande arbeidet i kommunen
Arbeidsoppgåvene er ikkje uttømande og vil kunne endre seg etter behovet i seksjonen og kommunen.
Kvalifikasjonarautorisert fysioterapeut med interesse for arbeid i kommunehelsetenesta
gode norskkunnskapar, skriftleg og muntleg
ønskeleg med erfaring frå rehabiliteringsarbeid
ønskeleg med erfaring frå individ og gruppebehandling
kunnskap om IKT - verktøy og elektronisk samhandling
Førarkort klasse B
Personlege eigenskapargode samarbeids- og kommunikasjonsevner
stor arbeidskapasitet, der du meistrer å prioritere arbeidsoppgåver i ein travel kvardag
at du utfører arbeidsoppgåver med god kvalitet og yrkesfagleg stoltheit
at du er open for nye måtar å jobbe på, er nysgjerrig og tek initiativ
har positive haldningar og stor fleksibilitet
evne til å arbeide sjølvstendig og ta sjølvstendige avgjersler
at du verdsetter å dele kunnskap med andre og trivast med å jobbe i eit tverrfagleg miljø
personlege eigenskapar er avgjerande
Vi tilbyrhøve til å påverke eigen arbeidskvardag
eit godt, tverrfagleg arbeidsmiljø med fagleg dyktige og engasjerte medarbeidarar
utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
fagleg og personleg utvikling
løn etter gjeldande avtalar
KontaktinformasjonRandi Heltne Alfsvåg, Seksjonsleiar, 95253450, randi.heltne.alfsvag@volda.kommune.no
Elin Høydal Vatne, Avdelingsleiar, 91 55 59 70, elin.hoydal.vatne@volda.kommune.no
ArbeidsstadBarstadmarka 2
6102 Volda
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Volda kommune
Referansenr.: 5175616810
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 27.09.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.