Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

Driftsoperatør med ansvar for ombruk

SIMAS IKS

Arbeidssted
SOGNDAL, KAUPANGER, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
10. des. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Om stillingaSIMAS søkjer ein engasjert og initiativrik driftsoperatør med særleg ansvar for ombruk.  Hjå oss får du ei sentral rolle i vidaresatsinga vår på ombruk. Du skal bidra til å utvikle gode arbeidsmåtar, skape engasjement og få ombruk til å bli ein naturleg del av den daglege drifta på miljøstasjonane våre. Primært søkjer me etter ein person som skal arbeide med ombruk, men som også må rekne med å delta i den ordinære drifta ved miljøstasjonane våre.   Dette er ei stilling for deg som likar kombinasjonen av praktisk arbeid, menneske og utvikling. Du får ei sentral rolle i å vidareutvikle ombruksarbeidet i SIMAS og bidra til at ombruk blir ein naturleg del av den daglege drifta på miljøstasjonane våre. Du skal ikkje gjere dette åleine. Ei av dei viktigaste oppgåvene blir å få med deg resten av laget, dele kunnskap, skape engasjement og bidra til at me saman klarer å ta ut meir til ombruk. Du skal samarbeide med dei andre driftsoperatørane våre og bidra til gode rutinar og arbeidsmåtar på tvers av miljøstasjonane. Her får du høve til å påverke korleis SIMAS skal arbeide med ombruk framover.   ArbeidsoppgåverArbeidsoppgåver innan ombruk Du vil mellom anna: Bidra til å drive og vidareutvikle ombruksarbeidet på miljøstasjonane våre Koordinere og følgje opp ombruksaktivitet på tvers av miljøstasjonane Engasjere og involvere kollegaer i ombruksarbeidet Utvikle og følgje opp gode rutinar for utplukk, registrering, lagring og vidareformidling av ombruksvarer Bidra til dokumentasjon, rapportering og oppfølging av resultat Samarbeide med interne og eksterne aktørar Bidra til å synleggjere og leggje til rette for ombrukstilbodet vårt Sjå etter nye moglegheiter og bidra til å prøve ut nye løysingar   Arbeidsoppgåver innan ordinær drift Stillinga inngår også i den ordinære drifta ved miljøstasjonane våre. Du må difor rekne med å delta i oppgåver som: Drift av miljøstasjonar Kundehandsaming og rettleiing Sortering av diverse avfall, mellom anna farleg avfall Bruk av truck og maskiner Ulike transportoppdrag Ynskjeleg erfaring og kompetanseDet er ein fordel om du har noko av dette: Erfaring frå ombruk, avfallsbransjen, logistikk, butikk eller liknande Erfaring med koordinering, prosjektarbeid eller utviklingsarbeid Erfaring med å motivere eller koordinere andre Erfaring med dokumentasjon og rapportering Erfaring med maskiner og praktisk arbeid Truckførarbevis Kunnskap om eller interesse for sirkulærøkonomi og ombruk Grunnleggjande IT-kunnskap   Du treng ikkje å kunne krysse av på alt. Relevant erfaring og dei rette personlege eigenskapane kan vege opp for manglande formell utdanning eller praksis. Kven ser vi etterMe trur du vil trivast i stillinga dersom du: Har engasjement for ombruk, miljø og god ressursutnytting Tek initiativ og ser moglegheiter Kan arbeide sjølvstendig og strukturert Trivst med både praktiske og administrative arbeidsoppgåver Er god til å samarbeide og få andre med deg Kan bidra til engasjement, eigarskap og utvikling i eit etablert lag Kommuniserer godt med kollegaer, kundar og samarbeidspartnarar Har grunnleggjande digital kompetanse og er komfortabel med dokumentasjon, registrering og rapportering Trivst med kundekontakt og ein variert arbeidskvardag Er villig til å lære og utvikle deg For oss vil personlege eigenskapar, engasjement og gjennomføringsevne vere svært viktig.   Har du lyst til å vere med å utvikle ombruksarbeidet i SIMAS saman med oss? Då vil me gjerne høyre frå deg! Arbeidstid og arbeidsstadArbeidet følgjer oppsett vaktplan med gjennomsnittsberekning og fleksitid. Normal arbeidsdag er kl. 08.00–15.30. Normalt vil ein til tre dagar i veka kunne innebere arbeid ute på drift fram til omlag kl. 18.30/19.00. Arbeidsstad er i utgangspunktet Festingdalen på Kaupanger, med arbeid på miljøstasjonane i eigarkommunane våre. Vi tilbyrEi variert stilling der du får vere med å påverke Ein kombinasjon av ombruksarbeid, praktisk drift og utviklingsarbeid Ei sentral rolle i vidareutviklinga av SIMAS si satsing på ombruk Meiningsfylte arbeidsoppgåver hjå ein viktig miljøaktør i Sogn Eit arbeidsmiljø med dyktige og erfarne kollegaer Naudsynt opplæring, kurs og rettleiing Løn etter eigen lønstabell og pensjonsordning i KLP Også interessert i ordinær driftsoperatørstilling?Me ønskjer også å høyre frå deg dersom du først og fremst er interessert i arbeid som ordinær driftsoperatør. Dersom tilsetjinga i stillinga som driftsoperatør med ansvar for ombruk fører til intern rokering, kan det samtidig bli aktuelt å tilsetje ein driftsoperatør utan særskilt ombruksansvar frå same søkjargrunnlag. Me oppmodar dirfor også gode kandidatar som primært er interesserte i ordinært driftsoperatørarbeid, om å søkje og opplyse om dette i søknaden.
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.