Barne- og ungdomsarbeidar
Frøyland skule, Time kommune
- Arbeidssted
- TIME, KVERNALAND, ROGALAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 15. okt. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Vikariat
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du vera med på å gje ungane på Frøyland skule og SFO ein kjekk og trygg kvardag?
Me har ledig eit 80% vikariat for skuleåret 2026-2027, med moglegheit for forlenging. Stillinga er 40% i skule og 40% i SFO.
På Frøyland skule og SFO er me 370 elevar og 55 vaksne. Me er ein barneskule med elevar på 1.-7.trinn. Det er 2-4 parallellar på kvart trinn, og SFO er organisert i 2 basar. Me er opptatt av at ungane våre skal ha det kjekt når dei er på skulen og i SFO. Dei skal oppleve meistring både fagleg og sosialt.
Me ser etter ein trygg, varm og leiken vaksen som likar å jobbe med ungar. Evna til å skape gode relasjonar til ungane er ein sentral ferdigheit i stillinga. Kvalifikasjonar me ønsker er fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar. Anna relevant kompetanse vil og bli vudert. Me legg vekt på personlege eigenskapar i vurderinga av kandidatane.
ArbeidsoppgåverOmsorg, støtte og retteliing av elevar i skule og SFO.
Personleg assistanse for elevgrupper og enkeltelevar i skulen.
Organisering av leik og aktivitet i SFO.
Støtte til enkeltelevar i SFO
Vakt i friminutt og matpauser.
Samarbeid med andre tilsette i skule og SFO.
KvalifikasjonarFagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, eller anna relevant fagbrev og utdanning. Personlege eigenskapar og erfaring i arbeid med barn- og unge vil bli vektlagt.
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrift kan du henta frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet må du leggja ved generell og/eller yrkesgodkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HKdir).
Personlege eigenskaparGode samarbeidsevner, både internt og eksternt, og kunne bidra positivt i jobbfellesskapet
Evne til å kunne arbeide sjølvstendig og ta initiativ til oppgåver som må gjennomførast
Villig til å ta fatt på nye arbeidsoppgåver etter kvart som organisasjonen endrar seg
Du må like utfordringar, vere engasjert og løysingsorientert
Evne til å ta ansvar for eigen utvikling og ta til deg ny kunnskap
Du må ha gode kommunikasjonsevner og framstå klar og tydeleg
Det krevst gode norskkunnskapar, og både skriftleg og munnleg framstillingsevne vil bli vektlagt i tilsetjingsprosessen
Me tilbyrGode pensjonsordningar
Løn etter tariff
Ein spennande, variert og fagleg utfordrande arbeidsplass i eit godt arbeidsmiljø
Nært samarbeid med eit breitt fagmiljø i ein organisasjon i utvikling
Der det er lovkrav om det, må politiattest registreres før første arbeidsdag tar til.
KontaktinformasjonOlaug Iren Lode, SFO-leiar , 92259299, olaug.iren.lode@time.kommune.no
Karen Helene Seppola, Rektor, 47234604, karen.helene.seppola@time.kommune.no
ArbeidsstadKråvegen 2
4355 Kvernaland
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Time kommune
Referansenr.: 5187660747
Stillingsprosent: 80%
Vikar
Sluttdato: 30.06.2027
Søknadsfrist: 15.10.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.