Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Sjukepleiarstillingar ved Såta bu- og servicesenter

Alver kommune

Arbeidssted
ALVER, ISDALSTØ, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
29. sep. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
3

Stillingsdetaljer

Sjukepleiar 100% - Såta bu- og servicesenter Er du ein engasjert sjukepleiar som søkjar spennande moglegheiter i ei avdeling som nettopp har utvida med 13 plassar? Då søkar vi etter deg!  Vi har ledig 100% sjukepleiarstilling i vår avdeling.  Det er todelt turnus med arbeid i snitt kvar 3 helg eller med moglegheit for kvar 4 helg med langvakter om ønskjeleg som en prøve. Vi har årsturnus. Hos oss skal det også jobbe helsefagarbeidarar og pleieassistentar. Pasientane på Såta bu- og servicesenter har ulike behov for oppfølgning. Om Såta bu- og servicesenterI september 2026 utvida Såta bu- og servicesenter med 13 somatiske plassar, i tillegg til dei 12 plassane for personar med demenssjukdom som vi allerede har. Denne avdelinga er ein del av dei fire sjukeheimane vi har i Alver kommune, og den ligg vakkert plassert i sentrum av Knarvik.  Målet vårt er å skape eit trygt og omsorgsfullt miljø der bebuarane kan få den støtta og omsorga dei treng.  ArbeidsoppgåverAnsvar for heilskapleg sjukepleie til pasientar Observasjon, vurdering og oppfølging av helsetilstanden til pasientane Utføring og oppfølging av til dømes:legemiddelhandsaming ADL sårstell ernæring og væskebehandling lindrande behandling Iverksetjing og evaluering av sjukepleietiltak Veileding av kollegaer og studentar Samarbeid med pårøyrande Tverrfagleg samarbeid Vere ein aktiv pådrivar for at pasientane får brukt sine eigne ressursar  KompetansekravNorsk autorisasjon som sjukepleiar Gode norskkunnskapar, skriftleg og munnleg. Dersom du er utdanna utanfor Norden treng du godkjend B2 - test Kven er du?Me søkjer sjukepleiarar som møter utfordringar i arbeidet med engasjement, handlekraft og som er fagleg trygg. Du er nysgjerrig på faget, ønskjer å læra noko nytt kvar dag og trivst med å arbeida med pasientar med ulike helseutfordringar. Du får lett oversikt over arbeidsoppgåvene, og klarer å sjå heilhetsbilde og prioritera i ein travel kvardag. Me ser etter ein sjukepleiar som i tillegg til å vera tydeleg klarer å sjå kvar enkelt pasient, pårørande og kollega. Du er positiv, ein bidragsytar i arbeidsmiljøet, fleksibel og jobbar godt i team. Du har gode tekniske ferdigheter, er løysingsfokusert og endringsvillig.  Vi tilbyrFagleg spennande arbeid i nyoppstarta avdeling  Årsturnus Sjukepleiare i Alver kommune ligg 10 000 over minstelønnsgarantien til KS PolitiattestI tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede. Vi er AlverBli kjent med Alver kommune Video: https://www.youtube.com/watch?v=_xHE9zF24G4&ab_channel=Alverkommune
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.