Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Sjukepleiarar søkjast til Gulen kommune - bonus på kr 100 000

Gulen kommune

Arbeidssted
GULEN, EIVINDVIK, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
6. okt. 2026
Omfang
Deltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
2

Stillingsdetaljer

Om stillingane  Gulen kommune har ledig to faste 100% stillingar som sjukepleiar, for tida ved sone Eivindvik – Gulen sjukeheim. Oppstart snarast eller etter nærare avtale. Vi ser etter deg som ønskjer ein meiningsfull og variert arbeidskvardag, med høve til å bruke fagkompetansen din tett på bebuarar, pasientar og kollegaer. Hjå oss vert du ein del av eit fagleg engasjert arbeidsmiljø med viktige oppgåver innan pleie og omsorg. Vi har følgjande stillingar: 100% fast stilling som sjukepleiar. Turnus med arbeid kvar 3. helg (ordinære vakter), eventuelt 4. kvar helg (langvakter)  100% fast stilling som sjukepleiar. Turnus med arbeid kvar 3. helg (3-delt turnus). Langvakter kan vurderast  Vi tilbyr løn over tariff for sjukepleiarar i turnus bonus på kr 100 000 ved to års bindingstid Bonusen vert som hovudregel utbetalt ved utløpet av bindingstida, dersom ikkje anna vert avtalt ekstra helgekompensasjon per gjennomførte helgevakt varierte og fagleg interessante arbeidsoppgåver eit inkluderande arbeidsmiljø og gode kollegaer Sone Eivindvik – Gulen sjukeheim er éi av tolv einingar i Gulen kommune. Eininga yter pleie- og omsorgstenester til heimebuande i Eivindvik-krinsen og til bebuarar ved Gulen sjukeheim, som ligg sentralt i Eivindvik. ArbeidsoppgåverHjelp og bistand til brukarar med ulike funksjonsnivå Følgje opp dei daglege rutinene i avdelingane Medikamentadministrasjon Andre sjukepleiefaglege oppgåver Avløysar for avdelingssjukepleiar Andre oppgåver som måtte kome til Kvalifikasjonskrav Autorisasjon som sjukepleiar Førarkort klasse B Gyldig politiattest ved mottak av stilling Negativ MRSA/TBC før oppstart God skriftleg og munnleg framstillingsevne (norsk) Personlege eigenskapar Er fleksibel og kommuniserer/samhandlar godt med brukarar, pårørande og kollegaer Vert motivert av å yte gode tenester til brukarane våre, og kan vere med å gje dei ein stabil og god kvardag Bidrar til eit godt arbeidsmiljø Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing Anna Tenestespråket i Gulen kommune er nynorsk For tilsetjing innan pleie og omsorg, miljøteneste, barnevern, i skule, SFO og i barnehage, vert det stilt krav om politiattest etter aktuell/gjeldande lovheimel før oppstart i stillinga. Det skal berre krevjast politiattest av den som får tilbod om stillinga Det er også krav om negativ MRSA/TBC før oppstart for arbeid ved arbeid i institusjon. Vi gjer merksam på at søkjarlister med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfidensiell handsaming, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent, får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.