Norge nå-logo
← Tilbake til Jobber i Norge

HR-konsulent

Vaksdal kommune

Arbeidssted
VAKSDAL, DALEKVAM, VESTLAND
Publisert
Søknadsfrist
9. nov. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Vikariat
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Om stillingaEin av kollegaene våre skal ut i foreldrepermisjon, og vi søker derfor ein HR-konsulent til eit 100% vikariat med oppstart snarast og varigheit ut 2027. Vi ser etter deg som trivst med å rettleie og støtte leiarar og tilsette, og som ønsker å utvikle deg innan HR. Som HR-konsulent vil du samarbeide med ulike delar av organisasjonen. Rettleiing og service til leiarar og tilsette er ein sentral del av stillinga. Du vil bidra til at dei får god støtte i HR-relaterte spørsmål, og til eit godt samarbeid på tvers av fagområde. Stillinga passar for deg som liker å jobbe med menneske, kommuniserer tydeleg og er oppteken av å finne gode løysingar. Hos oss får du høve til å bruke kompetansen din og utvikle deg vidare gjennom varierte oppgåver og samarbeid med andre. ArbeidsoppgåverRådgjeving og rettleiing til leiar og tilsett i personal/HR og lønsspørsmål  Koordinering av rekrutteringsprosessar i rekrutteringsportalen   Koordinering av tilsetjingar og arbeidsavtalar Administrator i HR systemet Visma Enterprise Plus Gje støtte og rettleiing til leiar i oppfølging av sjukemeldte Oppgåver knytt til variabel løn og lønskøyring Andre førefallande oppgåver på HR og organisasjonsutvikling  KvalifikasjonskravDet er ønskeleg med 3-årig relevant høgskuleutdanning Relevant arbeidserfaring er ein fordel, men stillinga passer også for deg som er nyutdanna God forståing og interesse for system og digitalisering av prosesser God munnleg og skriftleg framstillingsevne   Personlege eigenskaparDu ønsker ei stilling der du kan utvikle deg og lære noko nytt. Du har god gjennomføringsevne og trivst med å jobbe strukturert med fleire oppgåver samtidig. Du verdset eit arbeidsmiljø der kollegaer deler kunnskap og erfaringar. Du er serviceinnstilt og trivst med å rettleie og hjelpe andre. Personlege eigenskapar vert vektlagt. Vaksdal Kommune kan tilbyGode pensjons- og forsikringsordningar  Individuell oppfølging  Gode moglegheitar for støtte til utdanning Løn i tråd med tariffavtale og kompetansetillegg
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.