ID 2492 Sjukepleiarar/Helsefagarbeidarar - Tenester til heimebuande
Stord kommune
- Arbeidssted
- STORD, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 8. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 5
Stillingsdetaljer
Er du sjukepleiar eller helsefagarbeidar og ønskjer å gjere ein forskjell i kvardagen til andre? Då vil me gjerne ha deg med på laget vårt!
Helseteam 1 er ein del av Heimebaserte tenester i Stord kommune. Me jobbar aktivt med å nytte ressursane våre på ein best mogleg måte, med fokus på kompetanse og oppgåvedeling.
Me har ledig faste 100% stillingar for sjukepleiarar og helsefagarbeidarar.
Arbeidstidsordning etter avtale. Alternativa er:
Langvaktsturnus med langvakter kvar 4. helg i årsturnus.
Turnus dag og kveld, med arbeid kvar 3. helg i årsturnus.
Arbeidsoppgåver
Som sjukepleiar eller helsefagarbeidar vil du vere ein del av eit team som gir gode og trygge tenester til brukarane våre, i tråd med vedtak og tildelte timar. Du møter brukar og pårørande med respekt og med fokus på <<Kva er viktig for deg?>>.
Me ser etter deg som:
Er ansvarsbevisst, strukturert og nøyaktig
Er fagleg oppdatert og engasjert i kunnskapsbasert praksis
Har høg arbeidskapasitet og gode samarbeidsevner
Kan arbeide sjølvstendig og målretta
Har gode kommunikasjonsevner
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Kvalifikasjonskrav
Autorisasjon som sjukepleiar eller helsefagarbeidar
Erfaring frå eller interesse for arbeid med eldre
Gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg
Personar med erfaring frå eldreomsorg og som jobbar mot fagbrev, eller lærlingar på siste året, er også velkomne til å søkje på helsefagarbeidarstillingane
Førarkort klasse B
Politiattest:
Det er krav om å leggje fram politiattest for alle som yter tenester innanfor rehabilitering, helse og omsorg ref. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4
Tilsetjinga føreset at arbeidstakaren legg fram gyldig politiattest innan tiltreding dersom dette er kravd for stillinga etter lov eller forskrift. Dersom politiattest ikkje blir lagd fram innan fristen, eller attesten viser forhold som etter gjeldande regelverk er til hinder for tilsetjing i stillinga, kan arbeidsgivar avgjere at arbeidstakaren ikkje kan tiltre stillinga.
Me tilbyr:
Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
Engasjerte kollegaer med brei kompetanse
God opplæring og oppfølging
Eit arbeidsmiljø med fokus på ansvar og oppgåvedeling
Høgt fagleg nivå
IA-bedrift og bedriftshelseteneste
Tilgang til Stord Ve og Vel med leige av leilegheiter i Røldal og Husøy, båt og utstyr
Løn og vilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
Offentleg tenestepensjon
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjar vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.