Norge nå-logo
Tilbake til Jobber i Norge

Ledig 100% stilling sjukepleier, vernepleier eller sosionom med vidareutdanning i rus og psykisk helse.

Vågå Kommune Helsesenter Legetjeneste

Arbeidssted
VÅGÅ, INNLANDET
Publisert
Søknadsfrist
1. okt. 2026
Omfang
Heltid
Ansettelsesform
Fast
Antall stillinger
1

Stillingsdetaljer

Oppstart: snarast råd Om oss: Vågå kommune jobbar aktivt for å oppfylle dei nasjonale måla i Opptrappingsplanen for psykisk helse (2023--2033). Vi skal bidra til at fleire opplev god psykisk helse og livskvalitet, og at innbyggjarane får lett og likeverdig tilgang til hjelp. Arbeidet vårt er forankra i tre hovudområde: helsefremjande og førebyggande psykisk helsearbeid gode og tilgjengelege tenester der folk bur styrka tilbod til personar med langvarige og samansette behov Vi legg stor vekt på brukar medverknad, heilskaplege tenester og tverrfagleg samarbeid. Framover vil vi fortsette arbeidet med å utvikle det regionale samarbeidet innan rus og psykisk helse, og vi vil aktivt ta i bruk kunnskapsbaserte digitale verktøy i våre tilbod. Hjå oss blir du ein del av eit fagmiljø som set meistring, livskvalitet og inkludering i sentrum. Vi er eit engasjert kollegium med variert bakgrunn og utdanning, som jobbar med menneske som har utfordringar knytt til rus, psykisk helse og/eller livsmeistring. Arbeidsoppgåver: • Heilskapleg oppfølging av pasientar med psykiske helseutfordringar og/eller rusutfordringar • Kartlegging • Behandling i tråd med oppgåvene til 1. linetenesta • Utarbeiding og oppfølging av individuelle behandlingsplanar • Tverrfagleg samarbeid med fastlege, heimeteneste, NAV og eksterne aktørar som t.d. DPS • Rettleiing og støtte til pasientar og pårørande • Deltaking i gruppetilbod som tur og trening, samt bidra i drift og utvikling av tenesta sitt dagsenter <<HUSET>> • Deltaking og oppgåver knytt til kommunens psykososiale kriseteam Kvalifikasjonar: • Autorisasjon som sjukepleiar, vernepleiar eller sosionom • Vidareutdanning i rus og psykisk helsearbeid • Erfaring frå arbeid med rus og psykisk helse er ein fordel • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert Eigenskapar: • Fagleg dyktig og engasjert • Evne til å vise omsorg og bry deg om andre menneskjer • Flink til å lytte og formidle kunnskap på ein god og forståeleg måte • Fleksibel, nytenkjande og løysningsorientert Personleg eignaheit vektleggast. Aktuelle kandidatar blir invitert til intervju. Vi tilbyr: • Eit spennande og meiningsfylt arbeid i eit triveleg miljø • Stor grad av tverrfagleg samarbeid • Gode rammer for fagleg utvikling og kompetanseheving • Gode pensjons- og forsikringsordningar • Løn etter gjeldande tariffavtale Vågå kommune kan vera behjelpeleg med å skaffe bustad. Søkjarar kan bli fortløpande vurdert Vågå kommune er opptekne av mangfald og oppmodar kvalifiserte kandidatar å søkje uavhengig av alder, kjønn, funksjonsevne, etnisitet eller nasjonal bakgrunn. Vi gjer merksame på at søkjarnamn kan bli offentleggjort sjølv om ein reserverer seg mot det, jf. Off.lova §25. Du vil i tilfelle bli varsla om dette på førehand.
Søk på stillingen

Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.