Lokal Sikkerheit Rehabilitering søker assistent i fast helgestilling langvakt dag
Klinikk sikkerheitspsykiatri/ Lokal sikkerheit rehabilitering, Helse Bergen HF
- Arbeidssted
- BERGEN, VESTLAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 2. nov. 2026
- Omfang
- Deltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 1
Stillingsdetaljer
Vil du vere med å bidra til tryggleik, rehabilitering og utvikling innan sikkerheitspsykiatri?
Divisjon psykisk helsevern i Helse Bergen etablerte i april 2026 ei ny lukka sengepost med åtte senger i Sandviken-området. Sengeposten tilbyr spesialisert behandling til pasientar i eit sikkerheitspsykiatrisk behandlingsforløp, med særleg fokus på tryggleik, stabilisering, rehabilitering og gradvis tilbakeføring til eit lågare omsorgsnivå.
Sidan oppstart i april 2026 har sengeposten bygd opp eit solid fagmiljø med høg fagkompetanse og god fagdekning gjennom heile døgnet. Medarbeidarane er kjenneteikna av fagleg engasjement, samarbeid og eit felles mål om å skape best mogleg behandling og utvikling for pasientane våre. Fagfeltet er i kontinuerleg utvikling, og vi søkjer deg som ønskjer å vere med på å vidareutvikle eit viktig behandlingstilbod.
Vi har ein ledig 18-26% fast helgestilling på dag for Assistent.
Stillinga er primært organisert med langvakter om lag kvar fjerde helg. Kandidatar kan bli kalla inn til intervju fortløpande i søknadsperioden.
ArbeidsoppgåverMiljøterapeutisk arbeid og oppfølging i postmiljø
Teamarbeid og tverrfagleg samarbeid
Observasjon og dokumentasjon av symptom på psykisk liding
Bidra til å skape ei trygg og strukturert postatmosfære med omsorg, støtte og gode grenser
Praktiske oppgåver og dagleg drift
Oppfølging av pasientar med fokus på aktivisering og daglege gjeremål
KvalifikasjonarRelevant erfaring med pasientgruppa
Må meistre norsk munnleg og skriftleg særs godt
Bør vere student innan helse -og sosialfagleg utdanning
Sjukepleiar/vernepleiar/helsefagarbeidar må ha norsk autorisasjon
Ved tilsetjing må gyldig politiattest leggast fram
Personlege eigenskaparLøysingsorientert, sjølvstendig og målretta
Strukturert og pasientorientert
Respektfull i møte med pasientar og pårørande
God evne til å arbeide tverrfagleg og i team
Trivst i eit aktivt miljø
Etterspør og nyttar rettleiing
Personleg eignaheit vil bli vektlagt
Vi tilbyrÅ vere med og forme eit nytt behandlingstilbod innan sikkerheitspsykiatri
15 000 kroner pr år i særtillegg
Eit spennande og fagleg miljø der folk trivst på jobb
Løn i samsvar med gjeldande overeinskomst
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Arbeidsstad i Sandvikenområdet
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Vi ønsker å spegle mangfaldet i befolkninga i rekrutteringa vår. Vi oppmodar alle som er kvalifiserte til å søke ledige stillingar uansett, alder, funksjonsevne og fleirkulturell bakgrunn. Det same gjeld dersom ein har hatt eit lengre opphald frå arbeidslivet. Føretaksgruppa i Helse Vest ønsker å legge til rette for inkluderande rekruttering.
KontaktinformasjonCecilie Engelsgjerd Eikestad, Seksjonsleiar, 90180905, cecilie.engelsgjerd.eikestad@helse-bergen.no
Britt Jeanette Hartwig, Ass. Seksjonsleiar, britt.jeanette.hartwig@helse-bergen.no
ArbeidsstadSandviksleitet 1
5036 Bergen
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgivar: Helse Bergen HF
Referansenr.: 5194649869
Stillingsprosent: 26%
Fast
Søknadsfrist: 02.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.