Miljøterapeuter og barne og ungdomsarbeider
Dysjaland skule, Sola kommune
- Arbeidssted
- SOLA, TJELTA, ROGALAND
- Publisert
- Søknadsfrist
- 8. nov. 2026
- Omfang
- Heltid
- Ansettelsesform
- Fast
- Antall stillinger
- 3
Stillingsdetaljer
SJÅ HER FOLKENS!!
Dysjaland skule har ledige stillingar som fagarbeidar i skule og SFO!
Vi søkjer etter engasjerte og omsorgsfulle fagarbeidarar som ønskjer å bidra til trivsel, meistring og utvikling hos elevane våre.
Vi har ledig:
Ei 100 % fast stilling som miljøterapeut i skule og SFO.
Ei 100 % vikariat fagarbeider/miljøterapeut skule og SFO tom 31.07.2027
Ei 50 % vikariat stilling som fagarbeidar på SFO tom 30.06.2027
Vi ser etter deg som byggjer gode relasjonar til barn og unge, trivst med ein variert arbeidskvardag og ønskjer å vere ein viktig del av laget rundt elevane. Har du kjennskap til barn med autisme er det en fordel.
Om Dysjaland skule
Dysjaland skule er ein kombinert barne- og ungdomsskule som ligg i eit roleg og landleg område sør i Sola kommune. Skulen har eit flott uteområde og gode fasilitetar, mellom anna idrettshall, symjehall, kunstgrasbane og ballbinge. I tillegg har vi fine turområde i nærleiken som gir gode moglegheiter for aktivitet og læring ute.
Skuleåret 2026/2027 har vi om lag 390 elevar og rundt 100 barn på SFO. Vi er cirka 60 tilsette som saman arbeider for å skape eit godt lærings- og oppvekstmiljø for alle elevane våre.
Administrasjonen består av rektor, tre inspektørar, SFO-leiar og skulekonsulent. Skulen har nynorsk som offisiell målform, men tilbyr bokmålsklassar på dei fleste trinna.
Visjonen vår: Klok og Glad
Visjonen «Klok og Glad» uttrykkjer det vi ønskjer at elevane våre skal oppleve i kvardagen: fagleg utvikling, sosial meistring og eit trygt og inkluderande skulemiljø.
Vi arbeider målretta med å utvikle læringsmiljø der alle elevar opplever tilhøyrsle, meistring og medverknad. Satsingsområda våre er eit trygt og godt skulemiljø, vurdering for læring og utvikling av inkluderande læringsmiljø.
ArbeidsoppgåverOppfølging av elevar med særskilde behov
Som fagarbeidar hos oss blir du ein viktig del av laget rundt elevane. Du bidreg til at barn og unge opplever tryggleik, trivsel, meistring og gode relasjonar gjennom skuledagen og på SFO.
Aktuelle arbeidsoppgåver er:
- Å støtte elevane fagleg og sosialt i skulekvardagen.
- Å bidra til eit trygt, inkluderande og godt læringsmiljø.
- Å leggje til rette for leik, aktivitetar og sosial utvikling på SFO.
- Å samarbeide tett med lærarar, andre fagarbeidarar og SFO-tilsette.
- Å bidra til gode relasjonar mellom elevar og vaksne.KvalifikasjonarKven ser vi etter?
Du har relevant fagbrev eller ein relevant bachelor for å arbeide i skule og SFO. Krav til utdanning og erfaring må tilpassast den aktuelle stillinga
Erfaring frå skule, SFO eller arbeid med barn og unge er ønskjeleg.
Vi ønskjer oss ein medarbeidar som:er trygg, omsorgsfull og tydeleg i møte med barn og unge
er god til å byggje relasjonar og skape tillit
er positiv, fleksibel og løysingsorientert
tek initiativ og trivst med både sjølvstendig arbeid og samarbeid
ønskjer å bidra til eit inkluderande miljø der alle elevar blir sett og tekne på alvor.
Du må levere politiattest av ny dato før oppstart.
Du må laste opp relevante vitnemål og attestar. Vitnemål og/eller karakterutskrifter hentar du frå Vitnemålsportalen. Har du utdanning frå utlandet, må du leggje ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (hkdir). Sjå òg godkjenning av utdanning frå utlandet:Personleg eigenskapDysjaland skule og SFO ser etter medarbeidarar med godt humør som har evna til å sjå positivt på det meste i livet.
De er utprega lagspelarar som ser betydninga av å gjere kvarandre gode.
De er sjølvstendige, rause, høy arbeidsmoral og løysingsorienterte.
Personleg eigenskap vil bli lagt stor vekt på i vurderinga av søkjarane.
Vi tilbyrVi har velferdsordningar og gode pensjons- og forsikringsordningar.
Tilsetjing skjer på dei vilkåra og pliktene som går fram av utlysinga, og dei lovene, reglementa og tariffavtalane som til kvar tid gjeld.
Lønn i samsvar med lokal lønnspolitikk.fagarbeider /barne- og ungdomsarbeider kr 475 300,- til kr 556 700,-
Miljøterapeut kr 545 400,- til kr 642 400,-.
KontaktinformasjonTina Byberg, SFO-Leder, 90400002
Eivind Emblemsvåg, Rektor, +47 91772152
ArbeidsstedTjeltavegen 1
4054 Tjelta
Nøkkelinformasjon:Arbeidsgiver: Sola kommune
Referansenr.: 5195541603
Stillingsprosent: 100, 50%
Fast, Vikariat
Søknadsfrist: 08.11.2026
Søknadsknappen åpner den opprinnelige søknadsfunksjonen hos kilden, i tråd med NAVs vilkår.